Notisar

 
Kristiania, den 7de Februar 1879.
 
 
Storthinget. Castberg vart i Torsdagsmøtet innvald i Toll-Nemndi og Horgen sett inn i Protokol-Nemndi i hans Stad. I andre Nemnder sette Val-Nemndi ogso ymse nye Menn, soleids Krag i Jarnvegs-, Sørensen og Konow i Konstititutions- og Thomesen i Veg-Nemndi.
 
Daaen. Hallvard Schou, ein av dei dugelegaste Forrettningsmenn i Kristiania (han buddelikevel utanfyr Byen paa Sinsen Gard), fleire Gongjer Valmann fraa Øystre Aker, kjend som ein gaavemild og velgjerande Mann.
 
Det var naudsynlegt fyr Frankrik aa skilja seg med dei høgste Militære. Ministerformannen i 1874 Buffet og den ligetimistiske Krigsminister de Barrail fekk sett nye Menn i desse Postar av ”paalitande” Farge. Det er 19 Yver-Generalspostar, og dei 169 Mann, som hadde desse Postar, var alle Fiendar av Republikken.
 
Avskil fraa Embætte søkjer Prost Aug. T. Bull i Stange og Sokneprest i Orkedal A. L. Bull.
 
Regjeringi fyreslær Forfattarløn Kr. 1600 fyr Cand. philos. Hartvig Lassen, Redaktør av ”Skillingsmagasinet”, ”Rigstidenden” og ”Kristiania Intelligenssedler”. Hr. Lassen hev søkt sjølv liksom H. Ø. Blom i Fjor elder fyrre Aaret.
 
B. Bjørnson fortel i sitt siste Himmelbrev, at han i Maalvegen held seg til K. Knudsen. Enn o! - Det var Knudsen han byrjad med og. – So er væl detta paa Lag den einaste Tanken, Bjørnson hev haldet fast paa gjenom heile sitt offentlege Liv. – Det er daa nokot.
 
Dei preusiske Universitet hev uttalat seg i Spursmaalet, um Realstudentar med likso stort Nytte som klassiske Studentar kann lesa Medicin. Universiteti i Greifsvalde, Kiel og Kønigsberg hev svarat Ja.
 
Til Amtmann Meinichs Minne hev nørdre Aurdals Heradsstyre gjevet 100 Krunur or Heradskassa og sett Listur i Gang millom Bygdefolket til Teikning av Gaavur.
 
Likbrenning etter Gothasystemet skal innførast i Hamburg etter Raadgjerd av Kommunestyret den 24 Januar.
 
Fraa Flesberg skriv ein Innsendar til ”V.G.”, at Stiftskapellan Stenstrup i Faatøknemndi sette seg imot og fekk umgjort ei Raadgjerd um, at ein Bonde, G. S. Vatnebryn, som baud minnst, fekk ei sjuk og faatøk Gjenta til Forsyrgjing, fyrdi han var Dissenter (av den Lammerske apostoliske Kyrkja), endaa han er ein framifraa hæv Mann med sann Gudsage og Rettvisa.
 
Ved eit Sjukehus i Dublin sprøytad Lækjararne Meldon og Mac Donnell Mjølk inn i Aadrerne (Venerne) aa ein Patient, som var nær ved aa døya av Megnløysa. Prøven lukkadest so vel, at den Døyande frisknad til.
 
Vargen. Ein Brevskrivar fraa Volden i Sunnmøre til ”Aales. Bl.” fortel, at han paa Raudvatnet um ein Kveld i Myrkret vart ettersett av ei Vargskreid. Daa Ubeisti tok til aa verta for nærsøkne, tok han Fyrstikk-Øskja or Lumma og tende alle Stikkur paa ein Gong. Daa vart Graabeinarne rædde og piggad burt i Holtet.
 
I Kristiania aalmenne Brandforsikkrings-Selskap (Storebrand) hev det voret Aarsmøte. Forsikkringssummen er 10 Mill. Kruner større no enn ifjor detta Leitet. Berre 189000 Kr. er utbetalat i Skadebot i 1878, men i Premi hev Selskapet teket inn 317000 K. Aktie-Eigararne fekk 12 ½ fyr Hundrad av sine Pengar. - Livsfor-sikkrings-Selskapet ”Idun” hadde i 1878 Innkomur 309000 Kr. og Utgifter ikring 77000 Kr. Aktie-Eigararne fekk 11 fyr Hundrad i Aars-Utbyte.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum