Riksbudgettet

 
Riksbudgettet fyreslær Regjeringi fyr næste Finantsaar uppgjort soleids: Toll- og Tilverknings-Avgifter Kr. 23,500,000, Stempel-Afgifter 940,000, endefram Skatt 4,000,000, Post-Telegraf- og Jarnvegs-Innkomur 6,591,860, andre Innkomur 4,095,071.60, av Rikslaan og Aktiteikning til Jarnvegsbyggjing 6,873,068.40, ialt Innkomur Kr. 46,000,000. Paa Utgiftssida er uppført til Storthinget Kr. 380,300 til Kongehuset Kr. 471,046, til Utrikske Turvemaal 457900, til Riksraadet og Regjeringi 1,075,437 til kgl. Nemnder 100000, til Landsforsvaret 10,448,600, til Universitetet umfram dess eigne Innkomur 267881.30, til Skulefyremaal 885860, til Rettsturvemaal 1,971,354, til Helsebot 1,358,129.66, til Landbrukshjelp og Utskifting 306,056.68, til Vegbyggjing 571,960, til Jarnvegsdrift 3,906,063. 90, til Tollutgifter 1,830,000, til Sylvverksdrift 564,500, til Etterløning 465,179, til Rentur og Avdrag paa Riksskuld 6,412,242. 05, til Fyrinnrettningar 579,124.20 (umfram 38000 Kr. av Hamnefondet), til Hamnearbeid 212,133 (umfram 175,967 Kr. av Hamnefondet), til Postdrift 1,776,000, til Telegrafdrift 1,117,000, til Fremd av privat Eimskipsferd 465,100, til Jarnvegsbyggjing 6,873,068.40, til andre Fyremaal 3,505,064.81, ialt 46,000,000 Krunur. – Til desse 46 Millionar kjem ei 10-12 Millionar av ymse Fond, som anten Storthinget gjer upp sers Budget fyr, eller Regjeringi ved Log hev fengjet Rett til aa bruka til Riksfyremaal utan Budgettering.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum