Um og fraa den kyrkjelege Partistriden

 
Um og fraa den kyrkjelege Partistriden,
 
III.
 
I eit Brev, eg skreiv her i Bladet i Marts ifjor, sagde eg det um Haugianararne, at dei var mottakelege fyr Upplysning, og at dei i sume Stykkje liktest paa Grundtvigsflokken, so det saag ut som dei med Tidi kunde vaksa ihop med denne. Hertil svarad ein Brevskrivar H-h fraa Sveiaa, at detta slett ikkje vilde høva paa Haugeflokken i hans Bygd. Ein annan Brevskrivar hev sagt det sama fraa sin Kant. Og det er ikkje utrulegt, at fleire af ”Fedrhs.” Lesarar kann hava denne Meiningi. Nokot fyr den Skuld og nokot fyr Saki sjølv vil eg no beda um Rom i ”Fedrh.” fyr nokre Ord paa nytt.
 
Naar Hr. H-h ikkje ser ut til aa tru, at Haugianararne er mottakelege fyr Upplysning, so tykkjer eg detta er ein so vonlaus og tung Tanke, at eg ikkje vil gjeva ’n Rom. Eg lyt halda meg til det eg sagde sist. Og eg torer segja endaa meir: eg trur dei fleste Haugemenn vil kjenna seg krenkte av eit slikt Umdøme. Eg kunde og nemna mange Menn, som fraa Fyrsto hev voret av dei mest faakunnige og fordomsfulle Haugianarar, men som hev lært so mykje i Livsskulen, at dei hev stellt seg paa Framstigsflokken si Sida, iminsto i det utvortes (materielle). So vil eg og minna um, kor kipne (byrge) dei vert, naar her er Tale um, kor verksame sume av Lærefedrarne deira hev voret ”i det Timelege og”, som dei kallar det, t. D. Hans N. Hauge, John Haugvaldstad o. A. – Haugianismen hev vortet so rotfest i Folket vaart, at skulde me maatta riva ’n upp med Rot fyr aa faa Skikk paa Folkelivet, so vilde det etter mitt Vit vera svært vonlaust. Og eg trur ikkje me kunde gjera det skadelaust helder. Der er sumt i Haugelæra, som me plent maa hava med.
 
Den Tanken, at Haugemenn og Grundtvigsmenn ein Gong kunde semjast ihop, hadde eg kanskje tenkt mindre paa fyrr eg skreiv det Brevet, enn sidan; han kom rennande, og so leet eg ’n ganga ut i Verdi mest i same Rennet, - til Ettertanke fyr andre, tenkte eg. No, daa Tanken hev fengjet Motlegg, lyt eg stydja ’n med nokre Ord, um han ikkje skal faa stuttare Livetid enn han fortener.
 
Eg kann fyr det fyrste segja, at eg hev ikkje nokon Meining um kvat Bate det vilde vera, um dei kom til aa semjast, annat enn det er altid hugnadlegast aa liva i Venskap med sine Grannar. Eg veit ikkje, um det er klokt aa arbeida fyr aa semja dei, og det vil aldri koma upp nokor forme- leg Semja (”Traktat”) millom dei; det er ikkje paa den Maaten tvo Serlag veks ihop. Men eg hev stundom som ei Von um, at Tidi vil føra nokot slikt med seg. Naar eg no skriv og fortel um ymse Teikn, som tyder paa detta, so er det helst fyr Skuld det, at Ein maa kjenna den Stilling Ein stend i.
 
Fyr meg stend det – som sagt i Brevet – som det vissaste Teiknet til Samanvaksing, at dei baade tvo held seg i Statskyrkja, endaa dei er usams med henne i mangt; - det vilde vera rart, at Ein ikkje skulde kunna snu paa kvarandre smaatt um Senn, so mykje Ein paa Resten kom til aa snu mest ein Veg, naar dei er i eit Kyrkjelag stødt og altso samde um Grunnlaget i Trui.
 
Dei er altso like i det og, at dei vil helder vera i det Laget, Vaarherre hev sett dei i, og skifta Lagnad med sitt eiget Folk, enn dei vil berre berga seg sjølve og lata dei hine fara kor dei kann. Detta held eg fyre er ei herleg Dygd. Det gjev meg Von um, at der er so god Botn i Hjarto deira, at der kann veksa ymse andre herlege Dygder og, slike som Sanningskjærleik. Hev eg dei tvo Dygderne, som no er nemnde, so hev eg dei vigtigaste Vilkori fyr Semjing av Meiningarne deira.
 
Eg hev stundom tenkt, at vaar Tid hev den Gjerningen aa minka paa Bokstavdyrking og Autoritetstru og alt daudt Formverk, som heng ihop med detta. Kanskje nokot slikt kann verta Fylgdi av, at Vitenskapen rykkjer so sterkt i Kyrkja. Hender det nokot slikt, og me fær meir Aand og Liv i Staden, so vil visst ikkje korkje Haugemenn elder Grundtvigsmenn graata; dei vil visst standa som ein Mann imot Aandløysa og det daude Formvæsen.
 
Baade Partar held Luther fyr den største Autoriteten etter Apostlarne. Der er, kannhenda, det imillom dei, at berre dei meir framkomne Haugemenn likar Luther heilt ut, bil dei meir framkomne Grundtvigsmenn vil reformera vidare i same Leid som Luther.
 
Etter som eg hev skynat Soga, so var det det same religiøse Lyte: Forstandstru, som baade Hauge og Grundtvig stridde imot, og den same religiøse Dygd: Aand og Liv, som dei baade tvo stridde fyre. At Hauges Arbeid vart meir einsidigt enn Grundtvigs, det læt seg naturlegt forklara av, at den fyrste var mindre upplyst enn den siste. Hadde dei havt same Maal av Upplysning, - kvi skulde dei daa ikkje tekjet det paa ein Maate? Soga talar nok og um, at Hauge haattad paa, meir og meir etter kvart, at Jordlivet hadde mange rette Krav, og med Ord og Gjerning manad han sine Fylgjesveinar upp til aa koma desse Krav ihug. – Eg skal ikkje skriva meir um denne ”Samvaksingstanken” no. Eg vil berre leggja fram det Spursmaalet til Ettertankje fyr Lesaren: er ikkje Grundtvigianisme paa Lag lika eins, som Ein kann venta, at upplyst Haugianisme vil verta? - Aat dei Lesarar, som vil hava den Umaken aa tenkja etter, vil eg nemna: den Venskapen, som var millom Haugeflokken og J. N. Brun; var ikkje Brun mykje-godt allsidig, endaa han var hine sin Ven og vel og religiøse Aandsbror? – og det, at ”Hauge-Synoden” i Amerika med ”Skandinaven” i Brodden forsvarar ”Common-Skulen” (den amerikanske Aalmannskulen) mot Wisconsin-Synoden sine Aagrip, og at baade Partar, Haugemann og Grundtvigsmenn, held seg so utanfyr Kyrkje-Reformstriden, fyr Skuld det, at dei er rædde Præsteveldet. Desse og fleire Ting meiner eg er høveleve Emne til aa gjera seg ei Meining av, um kor nærskylde dei tvo Aandsstemnurne er.
Haugianismen hev vortet ei Stormagt i Samfundet vaart. Statskyrkja hev bidlat til Venskapen hennar i den seinaste Tidi; men til dessa hev det ikkje rett lukkast, iallfall ikkje her paa Vestlandet. Som eg sa i Marts-Brevet mitt, so veit eg ikkje meir enn ein Prest her, som dei fortrur seg til (Oftedal); men han hev og berre gjenget etter, der Haugianararne vilde gjenget utan honom; han hev ikkje eingong prøvt aa gjeva Folkelivet nokor Form; han hev berre jagat paa, hardast han hev kunnat, den Leid han trudde dei helst vilde ganga. Verdsleg Upplysning hev han helder ikkje prøvt aa gjeva dei. Kannhenda det er det, han meiner paa aa gjeva dei no gjenom ”Vestlandsposten”?
 
Det er verdsleg Upplysning, Haugeflokken vantar. Men Tidi vil nok syrgja fyr aa driva Upplysning innpaa dei, um ingen annan syrgjer fyr det, og naar det er gjort, vil dei nok læra aa gjeva Livet Former, som høver etter den Tid dei liver i. Naar eg trur, at detta vert linne, livfyllte, frugtberande Former, so kjem det seg nokot av det Kjennskap eg hev til deira religiøse Væsen, og nokot av det eg hev røynt av einskilde ”vakte” Menn og Kvinnur.
 
Det at baade desse aalvorlege og hjartevarme Aandsstemnur ikkje kann koma væl utan det med Statskyrkja, er Grunn nok til aa ottast fyre, at ho kann vanta eitkvart. Uttalur som: ”Ein skal ikkje misvyrda Statskyrkja og Statsprestarne helder; her er ikkje Raadsmagt utan av Gud;” ”paa Mose’ Stol sit dei Skriftkloke”; ”i Læra deira er der ingen Avveg;” ”dei gjer visst det beste, dei kann, dei” (Prestarne) o. s. fr., - slike Talemaatar er altfor godslege til, at Ein ikkje skulde taka seg Varsling av dei. Og slike Talemaatar er svært aalgjengde millom Haugeflokken. Det er Ord, som svarar godt til det Verd, dei i sine eigne stille Tankar set paa Statskyrkja. Um dei no hev raakat til aa verdsetja henne rett, vil eg ikkje segja. Eg vil berre minna alle Borni hennar um, at ho er vaar aandelige Mor, og at me av den Grunn bør ikkje mismæta henne; - men Ein maa og minnast, at ho er gamall og kann gjerna verta altfor barndomsleg og sær av seg. Difyr vil eg mana upp alle Venerne hennar til aa preika Tolsemd millom alle, som høyrer henne til, og Vyrdnad fyr dei ymse Meiningarne aat kvarandre. Paa den Maaten gagnar me henne best.
 
Eg vil enda detta Brevet med aa leggja alle dei paa Hjarta, som elskar Folk og Land, og serskilt dei, som hev ein Upplysningsgjerning aa gjera: halda dykk nære Aalmugen, allra helst dei ”vakte”, nytte alle Høve til aa upplysa dei, so at Ein kunne med Tidi faa sjaa eit Folk, som ”er som dei, som er frie, men som ikkje brukar Fridomen til aa løyna det Vonde med.”
Sunnhordland i Januar 1879.
Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum