Utlandet.

 
Frankrike. Mac Mahon gav til Grunn fyr sin Fraagang, at han ikkje vilde vere med paa nokot, som etter hans Meining vilde avlaga Heren og setja Fedralandet i Faare, og at han paa ingen Maate kunde brjota seg til aa gjeva sine gamle Krigsfelagar Avskil. Det er i seg sjølv fullgode Grunnar, og det er fulla ikkje Tvil um, at dei fyr honom var sanne Grunnar - iser den sidste, som han ikkje bar upp i Brevet til Thingi, men i Tingandet med Riksraadet -; meir uvisst er det, um dei var dei einaste. Det som visseleg fyrst sette honom paa den Tanken, at han burde taka det fyrste laglege Høve, som baud seg, var det, at Etterøknadsnemndi hadde gjort Forslag um, at Ministeriet av 16de Mai 1877 (Broglie-Fourtou) skulde setjast under Tiltal. Men kom dette Bakstræv-Ministerium fyr Riksretten, kom i Grunnen Mac Mahon fyr Riksretten med det same; so nøgje hadde han samlagat seg med det. Og det var daa betre aa falla paa ei ærleg Sak enn fyr eit umvegjes Tiltal fyr landssvik. Elles er det ikkje annat aa segja um ”den rettviljuge Soldat” i dette Høve, enn at han hev tett seg som ein Heidersmann. Det hev sakte ikkje vantat Uppmaningar aat honom til aa gjeva Saki ei onnor Vend ved aa stydja seg paa Heren og negta aa gjeva etter; men han hev vist fraa seg alle slike Raader og hev manat Generalarne til aa verta verande i sine Postar, til dei vart avsette. Han hev no vendt attende til Privatlivet, og kjem fulla ikkje oftare paa Vigvollen, korkje den politiske elder den militære; han er yver 70 Aar gamall. Den nye Formann fyr den franske Republik, Francois Paul Jules Grévy, er fødd i Departementet Jura den 15de August 1813. Alt i Ungdomen huglagde han Fristyret. I Juliumstøyten var han bland deim, som slost paa Barikadarne. Han er utlærd til Advokat, hev voret bâtonnier elder Aarsformann fyr Advokatstandet og hev havt eit Namn som framifraa dugleg Mann i det Kallet. Men det er i Politikken han hev vunnet si største Namnkunna. I det grunnloggjevande Riksthing i 1848 vart han snart ein av dei fyrste, han var Varaformann i Thinget og vart innvald i alle vanskelege Nemnder. Han hadde fraa fyrste Tid ein Otte fyr Louis Napoleon, og hadde dei fylgt Grévy sitt Forslag um, at Formannen fyr Republiken skulde veljast av Riksthinget og ikkje av sjølve Folket, so hadde det kannhenda ikkje lukkast fyr Napoleon aa gjera seg fraa Formann fyr den franske Republik til Kjeisar aat Fransmennerne, for daa hadde han vantat den Stydd, han hadde i Folket ved det, at han vart vald endefram av det. Grévy hev stødt voret den kloke og sjølvstøde Mann, som like lite læt seg rikka av arge Motstandarar og framfuse Meiningsfelagar. Han laante aldri Kjeisardømet si Tenesta. Han let seg velja inn i det loggjevande Riksthing fraa den same Valkrinsen i Departementet Jura, som han til no hev representerat, og var ein uforsonleg og faarleg Motstandar aat Kjeisardømet. Etter at Kjeisardømet var roket, stridde han, imot Gambetta, fyr, at eit Riksthing skulde kallast saman, og medan Krigshugen var som heitast, kravde han, at Republiken skulde innførast som endeleg Riksgjerd, og at Landet skulde gjera Fred paa alle Vilkor, som var takande, og utan Tanke paa Hemn. Han hev voret sjølvskriven Formann i Folkethinget, so nær som i det Bilet, daa Bakstrævararne i 1877 hadde lurat Magti til seg. Han er ein fager Mann, ikkje stor paa Vokster, klaartenkt og altid logn og roleg; difyr er han ogso serleg lagad til aa standa i den Posten, som han no er sett paa.
 

 

Frå Fedraheimen 08.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum