Gjengangarar, som endaa liver.

 
I sitt ”Svar til H. Krohn” – detta glupe Forsvaret fyr Maalsaki – segjer Ekspeditionschef Hertzberg bl. a: ”Den gamle Skolemestertype eksisterer nu kun i Asbjørnsens udødelige Skildring; den hører ikke længere hjemme i Virkeligheden; vistnok omtalte Olafsen den under Debatterne om Maalsagen i Storthinget, som om den endnu færdedes lyslevende iblandt os; men det han manede frem, blev dog ikke andet end en kjedsommelig Gjenganger.”
 
Her skal eg koma med Prov paa, at iminsto 3 slike ”Typer” ”færdes lyslevende iblandt os.” Dei høyrer heime i same Futedømet alle 3.
 
Ein Gong høyrde eg det vart sagt til ei av desse ”Typer”: ”Det er inkje Umaken verdt fyr oss Landslærarar at bala med aa danska.” ”Typen” sette Handi i Sida, lagde Hovudet paa Skakke og skjeglad upp mot Skyerne, og so sa’ han: *2) ”Man maa omgive sig med en Smule Værdighed, naar man skal have Respekt iblandt Folket.”
          
 Den 2dre Typa sa ein Gong paa eit Forliksmøte, han var stemnd til, fyrdi han hadde komet til at rispa ein Gut i Kjaken: ”Jeg maa med Bludsel bekjende, at jeg havde en Nagel, som var vel lang.”
 
Den 3die Typa sa ein Gong fyr Retten um ein, som hadde jult honom nokot litet: ”Han slog mig saalædes, at jeg var bange for, at jeg skulde miste min Stæmmegivning.”
 
Dette ”Stæmmegivning” i Staden fyr ”Stemme” elder ”Maalet mitt”, er inkje det fullt so godt som Asbjørnsens: ”Du forstaar dig sandelig ikke noget paa Forstaaelsen”?
 
Det er inkje verdt aa saara desse ”Typer” ved at nemna deim paa Namn her; men at dei ”færdes lyslevende iblandt os” alle 3, det er visst. - Og eg kjenner fleire.
 
Den beste Raad til aa faa slike ”Typer” til ”saavidt mulig” rimelige Folk att var aa gjera det til Plikt fyr deim aa tala som Borni i Skulen. Til Slut berre eit Par Spursmaal. Ekspeditionschefen klagar yver, at ”det er harmeligt at se vore Bygdemaal lemlæstede og radbrækkede af Stømpere, der i Virkeligheden hverken kunne skrive Norsk eller Dansk, og som dog gebærde sig som Maalsagens Støtter og Bannerførere.” Er det sytt fyre, at me i Skulen fær læra at skriva Norsk? Og den Dansken, me fær læra der, er helder inkje rar, som kvar Mann veit; det er - ”Dansk-Norsk.” Kven kann so undrast paa, at me inkje kann skriva korkje Dansk elder Norsk? Me fær ”gaa igjen” og ” gebærde” (!!) oss det beste me kann i ”Dansk-Norsken.” Det er harmelegt dette, det er vist; men kven hev Skuldi fyr slikt? Er det ”Maalstræverne”? – Inkje dei norske Maalstrævarar!
 
Naar Eksp. klagar yver, at Maalsaki heve fenget so mange Vener no, som ”bruge den som et politisk Agitationsmiddel og til at vække Splid og ondt Blod mellem Medborgere”, so maa ein spyrja: Er det godt Blod, slik Skriving skal setja ”mellem Medborgere?” Kanske ein og annan kunde verta rædd fyr aa faa seg ein slik Attest, og difyr held seg burte fraa Saki? Me fær vona at det kjem atter, som Mannen sa, han gav Sui Flesk.
 
Firdafylke 16de Januar 1879.
K. H.
 
*1) rødfarvet Uldgarn (?) (J. A.)
*2) Alle desse Hermingar maa uttalast bokstavrett.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum