Mindre Løn betre Lærarar.

 
Endaa eit Par Ord um denne Sak, - med Tilføre av det, som Hr. H-h skriv i ”Fedrh.” No 69 fyr ifjor. Eg hev tenkt det ikkje var verdt aa svara paa slikt; men eg høyrer at Folk ikkje hev skynat Meiningi mi, og so er det best aa skriva. – Eg hev sagt: Løni er liti nok, ja hoste liti, og det held eg fyre at du Hr. H-h forstend godt. Er du Lærar, som eg vil tru du er, so tenkjer eg nok du hev vortet fyre, at du treng alt fyr aa kunna liva skikkeleg, til all Visse dersom du er gift. Og at ein dugande og samvitsfull Lærar er væl verd ei god Løn, det segjer eg au Ja til, av fullt Hjarta. Men verre vert det nok, naar eg segjer: Løni er au stor nok til aa ala upp ein ikkje so kavliten Flokk med sovorne, som eg fyrr kallad ”late Slarvar” og ”Tankeløysingar.” Setningen ”mindre Løn betre Lærarar” er ikkje komen fraa meg, og det var helder ikkje Naud paa aa draga honom ut av det, som eg skreiv hin Gongen. Me maa koma ihug, at det er tvo Ting, som det gjeld um her. Den eine er Arbeidet paa Læraren, til aa gjera honom dugleg fyr sitt Yrkje, og den andre Tingen er Arbeidet fyr Læraren, til aa gjera hans Livsvilkor rimelege. Desse tvo Slags Arbeid skulde baade ganga fram, og det soleids, at dei gjekk paa lag like fort. Men naar Ein ser litegrand paa Skulesoga vaar, so ser Ein, at Arbeidet f y r Læraren hev havt stor Framgang i den seinste Tid, medan Arbeidet p a a Læraren ikkje hev gjort nokot merkjelegt Framstig sidan den Tid daa Seminarskularne vart sette igang, altso paalag sidan 1840. Læraren hev nok fenget meir aa stræva med, det er sannt, men det Livsinnhald, han fær paa Skularne, hev snaudt vortet større. Her er soleids eit Mishøve millom Løn og Dugleik, og dette meiner eg nettupp hev alet upp mange ”late Slarvar”. Det hev voret snart gjort fyr mest kven det hev voret aa baska seg paa ein Maate igjenom den vesle Læra, og naar Ein fyrst hev fenget seg Avgangsbrev, so kann Ein strakst søkja seg ein Skule, og so gjeng det mest au so, at Ein fær. Eg tenkjer no her mest paa dei, som berre gjeng igjenom dei lægre Lærarskularne, av di at her er mest av dei i desse Bygder. Seminarskularne krev baade meir personlegt Offer og gjev fullare Utdaning, so at det kanskje nok kann vera mogelegt, at eg i so Maate kann hava set nokot skakt, naar Ein skal tenkja paa det heile.
 
Eg hev kje stort meir aa segja. Eg vil berre taka fram ein Setning av H-h: ”Var den Setningen (mindre Løn betre Lærarar) sann, so maatte me hava dei beste Lærarar i dei laakaste Postarne, veit eg.” Detta same sagde O. S. i Selljord i same Høve aat meg. Men eg spyrr: Er der Meining i slikt?
 
Vinje i Januar 1879.
A.     S.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum