Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
 
XV.
     
 (Framhald.)
 
Det skar i henne aa høyra detta; ho gløymde heile sin Kamphug og saag paa den Gamle med Sjæli full av Sorg og Strid. ”Tenk deg um endaa ei Stund, Ragna,” bad Presten, ”tenk deg um berre til i Morgo!” – Ho riste stilt paa Hovudet. ”Eg skal venta paa Svar til i Morgo; fyr meg sjølv hev eg tenkt yver alt.” Og ho rette seg upp og vart liksom so høg og framand -: ”Den, som vil gjera Guds Vilje, lyt hata baade Faer og Moer og Syster og Broer, ja tilmed sitt eiget Liv!” Det lyste or Augo hennar liksom med Maaneglans. Presten sat som tryllt. ”Eg kjenner henne ikkje lenger,” tenkte han. Ho gjekk – gjekk inn paa Kammerset sitt og greet.
 
Presten samraadde seg med Kona si. ”Korleids skal me fara aat?” sagde han. ”Ho er komi inn i den Svermartanken, at ho er utvald til aa frelsa honom, og mot slikt er Ein verjelaus, som du veit. Her er Raad med alt, so nær som med Galenskap. - - I Grunnen er det sannt som Balle sagde: slike Folk som denne stakkars Hauk burde vera utestengde fraa alt godt Lag.” Prestekona sat og saag nedfyr seg og gjorde Kunstar med Snippen av Lummeduken sin. ”Balle er visst snar til aa mistru Folk,” sagde ho stilt. ”Balle er Sjælekjennar!” sagde Presten, nokot stutt. ” – Du trudde ikkje paa Mistankarne hans,” sagde Frua, ”fyrr det Bladstykket kom -?” – ”Hm-hm, lat so vera, lat so vera,” sagde Presten, tryllt og forundrad yver, at h o hadde gaatt etter det. ”Men naar no ikkje han hev skrivet det Stykket,” sagde Frua og vreid sterkt paa Plagg-Snippen, ” – so er det berre Balles Mistankar, som stend att.” Presten sat og stirde. Slike Motlegg hadde han endaa aldri røynt av si snille Kjering! ”Barn skal reisa seg mot Faer, Husfru mot Mann,” murrad han fyr seg sjølv og sukkad. Prestekona høyrde det og vart reint rædd, hadde so nær sleppt det heile og berre bedet Mannen sin um Tilgjeving; men so hugsad ho Dotter si og gjorde seg hard, endaa det sveid i Bringa. No tok Presten i att. ”Balles Mistankar, som du kallar dei, hev sine gode Grunnar, og det var berre min Blindskap og Godtruskap, som gjorde, at eg ikkje fekk Augo upp fyrr. Dessutan talad eg sjølv med Guten. Slike Tankar, som han gjeng med, er reint haarreisande. Di meir eg hev tenkt paa dei, di ræddare hev eg vortet. Det nyttar ikkje aa vrida seg ifraa detta. Eg hev sjølv voret likso glad i Guten som du, og eg vil visst likso lite som du gjera Dotter vaar imot; men no – no veit eg kje kvat eg skal korkje gjera hell tenkja.”
 
Prestekona sat vonlaus og rædd og var inn imot Graaten. ”Ragna toler knapt nokon Motgang i detta,” sagde ho. ”Du meiner. . . Helsa hennar -?” spurde Presten ustødt. ”Ja . . . Ho tek det so tungt.” No kunde ikkje Frua berga seg lenger; ho greet. ”Naa, naa, naa,” bad Presten. Han vart reint raadlaus. Han kjende seg so aaleine, og Kvendegraat hadde han aldri tolt. ”Ja – ja - ja, i Herrens Namn, kvat skal me gjera?” spurde han. ”Um du skreiv til Hauk -?” bad Frua. ”Skreiv -? Ja . . . Skreiv ja, og bad honom forklara seg -? Ja . . . Ja, det var ein Tanke! Eg skal prøva! eg skal prøva! – Gjeve Gud, det maatte jamna seg!” - Han vart tydeleg lettare. No fekk han iminsto Dag 1) med Avgjerdi. -
 
Han skreiv. Fyrst eit Spursmaal paa Samvit og Æra, um Hauk var Kristen elder daa heldt paa den kristne Læra. Men dersom han ikkje gjorde det, um han daa vilde lova, at han likevel skulde finna seg i kyrkjeleg Vigsla, at han aldri vilde freista paa aa draga Ragna inn paa sine Tankar, og at Borni – um Gud signad Egteskapet med slike – skulde faa Daap og full kristeleg Fostring. – Brevet vart sendt same Dagen; Ragna fekk vita det etterpaa. Ho likad det ikkje, men gjekk inn paa, at ho ikkje skulde skriva, fyrr det kom Svar paa detta Brevet.
 
Svaret kom og var stutt og kaldt. ”De kann væl ikkje i Aalvor tru, Hr. Pastor,” stod der, ”at eg læt meg avkrevja Vitnemaal um mi Tru paa denne Maaten. Det maa vera nok, at eg stend i den lutherske Statskyrkja, og at eg aldri hev sagt elder gjort nokot, som gjev Grunn til aa tru, at eg ikkje er ærleg Mann. Um dei Vilkori, De set upp, skal eg berre segja, at eg ikkje vil binda meg soleids paa Fyrehaand. Dersom Ragna elskar meg, so er ho mi, og daa er ho den einaste, som kann setja meg Vilkor. Eg hadde – ærleg sagt – ventat Svar fraa henne fyrst; for eg tenkte ho var sterk nok til aa avgjera ei slik Sak sjølv.” – Detta Brevet gjorde ikkje godt, og Hauk hadde i Grunnen sendt det i den Trui, at no var alt ute. Presten prøvde aa telja Ragna ifraa endaa ein Gong. Men alt han sagde visste ho aa svara paa so klaart og fast, at han ingen Veg kom. Han gav seg tilslutt yver. ”Du fær gjera som du vil,” sagde han; ”men min Vilje hev du ikkje, og e g vil inkje Andsvar hava.” Ho leid grøteleg under detta, men stod fast. Og ho fekk Hjelp av Moer si, som saag, kor hardt ho trong um Kjærleik og mild Studning i denne tunge Striden.
 
Ho skreiv til Hauk: ”Det var ikkje med min Vilje, at du fekk det Brevet fraa Faer. Eg er di, for eg kann ikkje vera annat; um eg skulde lida alt vondt, vil eg fylgja deg. Eg kann ikkje setja upp Vilkor; eg vilde skjemmast av det, og det vilde ikkje nytta. Eg trur paa deg; det er alt eg kann segja. Dei segjer fyr meg at du er Fritenkjar. Um so er, vil eg beda fyr deg, og det maa du tru, at den som elskar som eg, han kann beda. Eg gjer Faer min svært imot med detta. Gud forlate meg det; for eg kann ikkje annat. Men han held meg i Grunnen ikkje lenger fyr Barn, og i detta kann eg ikkje lengje halda ut. Og det er det einaste Vilkoret eg set. Men eg legg det alt i dine Hender. - -”
 
No var Hauk sæl. Han var so sæl, at han kjende Hug til aa ofra henne alt. Ho var meir verd enn all Verdsens Tankar; ho var Livet, det gode og sanne og fagre i Form. Skulde han tenkja seg ein Guddom, maatte det vera nokot sovoret som ho. Og den, som i Elskhug aatte ei slik, han var i Livssamband med det Evige. Det var Kvinna, som bar Livsens forunderlege Løyndom, den store Livsgaata, Upphavet til all Gleda og all Sorg, og det var ho, som aatte Magti paa denne Jord yver alle Menns Hug og Hjarta. Kvinna var Kjærleik; og Kjærleiken var Gud, men Gud var Sanningi og Livet. Han gjekk der i si Hjartans Sæla og bygde seg upp ein heil Filosofi elder Religion um detta. Men daa han fortalde sine Tankar til Kandidat Breide, svarad denne stutt og beint, at han var galen.
(Meir.)
 
1)      Frist.

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum