Hr. Hjalmar Løberg hev sendt Bergens Tidende og Bergensposten fylgjande Skriv

 
”Folk hev synt meg, at det i eit Kristianiablad, som kannhenda vert leset av fleire i Bergen, hev stadet ein Artikel um, at eg skal ha lagt Injuriesøksmaal mot ”Bergens Adresseavis”’s Redaktør, Hr. Student Chr. Gellmuyden, paa Grunn av ein Artikel, som detta Presseorganet inneheldt mot meg Nyaarsdagen. Dertil skal eg upplysa, at eg visstnog tenkte paa aa saksøkja Forfattaren av Artikelen fyr dei usannferduge Skyldingar og skammelege Paasegner, som han fører fram, men daa eg paa Spurnad hjaa Redaktøren fekk vita, at han sjølv, Student Chr. Geelmuyden, var Forfattar av Artikelen, fann eg, at eg heilt kunde spara Søksmaal til Mortifikationsdom”.
 
”Morgenbladet” hev bitet paa Adressekroken. Og Bladet hev dessutan fengjet Upplysningar fraa ”ein høgt vyrd Mann fraa Vestlandet,” segjer det, um, at ”- d –” i ”Bergens Adresse”, alias Chr. Geelmuyden, hev Rett. – Skulde Hr. Løbergs saksøkja alle, som vil honom til Livs, fekk han soleids nog aa gjera, ser det ut til.¨
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum