I Russland gjeng ei hard Farsott

 
I Russland gjeng ei hard Farsott. Dr. Depner, Militærlækjar ved Herdeildi i Astrakan, hev sendt Regjeringi ei Forklaaring um, korleids Sjukdomen hev utviklat seg i Vetljanka, og Regjeringi hev kunngjort denne Forklaaring i Pravitelstvennyji Vjestnik (Regjeringsbodet): Fyrst i Novbr. visste det seg Feber, etter 7-8 Dagar hovnad Eitlarne upp i Røyrarne og Akselgruva, og seinare braut det ut med Saar og Verk. Dei Sjuke kom seg gjernast etter ei 20 Dagar. Men den 9de Decbr. vart Sjukdomen verre: dei Sjuke hev udømeleg vondt i Hovudet og alle Lemer, Feber som likevel ikkje er sterk, langvarug sterkt brennande Hite i Andlitet og Augo. Underlivet vert utspanat, Liver og Milt hovne, Pulsen 100-120 Slag i Minutten. Detta Tilstand varar 2-3 Dagar. Sidan tek Sjukdomen gjernast til etter ein Dags elder tvo Dagars Kvild; det kjem Villa, Svevnløysa, Uro, Likamsvarmen gjeng upp til 43 o R., Tunga vert turr og myrkebrun, Stolgangen ufriviljug, myrkebrun, Urinen sparsam, raudvoren, og Dauden fylgjer etter det fyrste elder det andre Aafall under Senedraatt, Sovesjuke og Megnløysa. Liki stivnar snart, Likflekkar viser seg innan 12 Timar. I dei 12 Dagar 9-21 Decbr. do 43 av kvart Hundrad Sjuke. Etter den 21 December er Sjukdomen vorten mykje verre; det kjem Kvalme, Svimling, Daaning, Trykk fyr Bringa, Blodsputting og Uppkasting av Blod; Andlitet vert naableikt, apathisk, Augo uttrykkslause og innfallne. Paa 3-4 Timar ormegtast den Sjuke heilt, og Dauden fylgjer under Sovesjuke og aalmenn Samansiging Liki styrdnar ikkje, men gjeng i Uppløysing i 2-3 Timar. Dag fyr Dag do fleire og fleire, fraa den 26 Decbr. alle. Dr. Depner meiner, at Sjukdomen er Tyfus (Nervefeber) elder Pest elder ein ny Sjukdom, som ligg millom Tyfus og Pest, og at det er den same Sotti, som hev utviklat seg gjenom 3 Stig fraa Fyrsten av Novbr til Jol. – Full Avstengjing av dei pestfengde Stader er det einaste, som kann hjelpa mot Sotti, meiner han, og Regjeringi hev daa ogso teket denne Raadi.
 
Den russiske Regjering hev innbodet dei europeiske Regjeringar til aa senda Lækjarar til dei pestfengde Stelle til aa studera Sjukdomen. Ogso fraa vaart Land skal reisa ein Lækjar, Cand. med. Malthe.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum