Logforslag um Aalmugskulen i Byarne

 
I det Logforslag um Aalmugskulen i Byarne, som er framsett fyr Thinget iaar, heiter det i § 62: ”Ved Undervisningi i andre Fag (enn Religion) maa ikkje brukast nokor Lærebok, som inneheld range og faarlege Læreset-ningar.” Det er Meiningi, at Domstolarne skal avgjera, um Læresetningarne er range elder rette, faarlege elder meinlause. Yvertilsynet (Stiftsdirektionen) skal likevel gjevast Rett til strakst aa forbjoda Bruken av ei Bok, som Amtmann, Bisp og Skuledirektør finn faarleg elder rang, naar det er naudsynlegt. Den kgl. Nemndi, som hev utarbeidt Forslaget, segjer, at ho hev ”anseet det forsigtigst at foreslaa dette ligefrem udtalt i Loven”, det er alt, Ein fær vita um, kvifyr eit slikt Logbod skal vera naudsynlegt. Det vert naturlegvis mest likso mange Meiningar um, kvat som er rangt og faarlegt, som der er Menneskjur, og den eine Stiftsdirektionen og Domstolen vil sjølvsagt finna d e t rett og meinlaust, som den andre finn rangt og faarlegt. – Siegw. Petersens ”Norges Historie” lyt no fyrst og fremst brennast, daa det stend i henne, at ”den lovgivende Magt er hos Folket og hos Kongen i Forening;” ”den dømmen-de Magt er hos Landets Højesteret og de lave–re Domstole.” Etter Grunnlogi (§ 49 og 86) er nemleg detta ”range” og dermed ogso ”faarlege” Læresetningar. Likeins ”Eriksens og Paulsens Læsebog,” imindsto 3dje Bandet, daa det er ein ”rang” Læresetning, at Karl Ploug ”som politisk Skribent, Taler og Digter har været Folkefrihe-dens trofaste Forkjemper,” liksom at A. O. Vinje ”bruger Ivar Aasens ”Landsmaal””; det finnst ikkje nokot Maal, som heiter Aasensk*1). Vinje brukad, og Aasen og mange, mange fleire brukar derimot det norske Tungemaal, Norrønamaalet, Nynorsken, det norske Landsmaalet.
*1) Det er ei Form av det norske Maalet, som Ein kan kalla ”Aasensk”, det er det Heile.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum