Notisar

 
Kristiania, den 11te Februar 1879.
 
Embættes-Utnemningar 7de Febr.: Til Sokneprestar: i Norddalen (Sunnmøre) Kand. theol. og jur. N. Astrup; i Fræna (Romsdal) Kand. theol. J. F. W. Schmidt, i Herod (Lister) Kand. E. D. Smidt, i Fjotland Kateket N. A. Mollestad og i Kvædfjord Kapell. P. O. Bugge; til Stiftskapellan i Kristiania Bispedøme pers. Kapell. V. B. Sørenssen; til pesonelle Kapellanar: Kand. J. Voss hjaa Prost G. V. Iversen (Jadren) og Kand. S. H. H. Swensen hjaa Prest J. C. Bernhoft (Melhus). - Til Landsdomar i Namdal Underrettssakførar A. H. Erlandsen. – Til Generalfelttymeister og Chef fyr Artilleriet General-Løytnant H. N. S. Wergeland.
 
Eldbrune. Fyrre Laurdags Kveld brende Fjoset og alle andre Uthus paa Gjerpen Prestegard. 2 Hestar, ein Gris og nokot ”Fjærkræ” umkom i Logarne. Stovelaani vart bergad – ved hardt Arbeid av Brandfolki fraa Skien. Paa Stovetaket hadde det samlat seg ei stor Folkemengd, som var i Vegen. Byfuten i Skien, som var paa Brandstaden, bad deim ganga ned, men dei lydde ikkje eingong Raadsmagti, og sat rolege paa Taket allesaman so nær som tvo. Desse tok seg til aa slaast deruppe til stort Gaman fyr Fjølden nede paa Tunet, segjer ”Skiensposten.”
 
Riksrevisionen hev innstillt paa Tilsvar av desse Utgifter fyr 1875:
1.      Utgifterne ved Reiser av Kanonkontroløren og Kanonkonstruktøren til utlendske Kanonfabrikkar og framande Lands Artilleriverk fyr aa faa Upplysning um Effekt og Styrke av Bakladningskanonar av svært Kaliber m. m. 1459 Spd. 32 Skilling. Samrøystes.
2.       Honorar til ein Korpslækjar fyr aa ha drivet Ambulanceskule paa Øvingsplads m. m. 200 Spd. 1 Revisor røyster mot Tilsvar (Gaarder).
3.       Utgifterne til ei kgl. Nemd til aa utarbeida Forslag um Løn og Kosthald aat Underofficerar og Soldatar 1486 Spd. 50 Skilling. 1 Revisor
 røystar imot Tilsvar (Kildal).
 
Um ”Fædrelandets” Melding av Bruuns ”Folkelige Grundtanker” skriv Bladet ”Norge”, at denne Melding vitnar um ein større Forstaaelse av Hr. Bruun og um eit mindre Einsyn, enn det Partiet jamnast viser mot Folkehøgskulens Menn. ”Det gjer godt aa sjaa detta. Der er baade Hjar-telag og Sannferd i ”Fædrelandets” Umtale av Hr. Bruun, endaa Bladet, etter sin Synsmaate, sjølvsagt maa mislika hans Uttalur i mange Maatar.”
 
Um Status i J. I. Schwartz Bu (Dramn) vert det fortalt, at Skuldi er til Noregs Bank 400000 Kr., Brandforsikkrings-Selskapet ”Norge” i Dramn 220000 Kr., Privatbanken 2 a 300000 Kr., Tho. Joh. Heftye & Son 280000 Kr., Donner i Hamburg 30000 Kr. umfram store Skuldpostar til London og Dramns Sparebank. Som Ein ser, skal det nokot til aa greida detta. Av Endossentarne er Th. Schwartz i Frederiksstad busliten, Ekkjefru Schwartz, som stend paa Papir fyr 800000 Kr., og Advokat Schwartz byd 3 fyr Hundrad. Hr. J. I. Schwartz’ tidlegare Medeigar i Eidsfoss Jarnverk er ogso busliten.
 
Paa kvar Kvadratkilometer liver i Finnland 5.0, Norig 5.7, Sverig 10.0, Europeisk Russland 14.5, Europeisk Tyrki 26.0, Grekland 29.0, Spania 33.0, Portugal 45.0, Danmark 49.9, Austrik-Ungarn 60.0, Schweiz 66.6, Frankrig 69.8, Tydskland 79.1, Italia 94.0, Stor-Bretland og Irland 108.7, Belgia 181.0. – Trums Stift 1.6, Hamar Stift 4.6 Throndheims Stift 5.6, Bergens Stift 7.4, Kristianssands Stift 8.5, Kristiania Stift 18.8. -
 
Finnland hev eit større Folketal enn Norig: 1,968,626 Personar ved Slutten av 1877 ; derav var 37,562 græske og 566 romerske Kattolikkar, 1,930,498 Lutheranar. Den ”kyrkjeskrivne” Folkemengd var i Helsingfors 35,413 Åbo 23,151, Viborg 13,252, Tammerfors 12,124, Uleåborg 9,038, Bjørneborg 7,713, Kuopio 6,378 og Nikolaistad (Vasa) 5,142. – Hundegalskap herskar ikring Helsingfors.
 
Sverig hadde ved Utgangen av 1877 eit Folketal av 4,484,542 og 59,829 Personar fleire enn 31 Decbr. 1876. Det var der som her mest Byfolket, som hadde vakset.
 
Øyresjukdoms-Forskaren Dr. Vilh. Meyer i Kaupenhamn hev nyleg vitjat Stockholm og undersøkt ikring 1000 Born i Folkeskularne. Han fann ikring 670, som leid av Øyresjukdom, de fleste likvel i mild Grad.
 
Arbeidsløysa. I Kristianssand hev dei sett i Verk Aktieteikning til Skipsbyggjing fyr aa gjeva faatøkt Folk Arbeid. Det er teiknat 400,000 Kr. og Teikningi er enno ikkje sluttad.
 
Den gamle Kyrkja paa Houg, Ringerike, ein gamal Graasteinsbyggnad, er istandsett ifjor. Hr. S. Backe fraa Lider, som paatok seg Arbeidet, hev skilt seg vel fraa det. Kyrkja hev fengjet ny Taarnfot med eit røselegt Taarn, tvo gilde Klokkur, støypte af Klokkestøypar Olsen paa Horten, og Skifersteinstak. Turid Strand hev gjevet Altartavla, H. Færden eit par Ljosstakar og O. Røysholm 2 Gipsfigurar, som stend paa Fotstykke ved Uppgangen til Koret.
 
Ei gamal Kona, som var mykje dauvhøyrd, gjekk i Kyrkja ein av Joledagarne; ho heldt seg tett upp til Altaret fyr aa høyra. Derved kom ho til aa velta ein Benk; han datt ned paa Steingolvet med stor Larm, som gav Atterljod i heile Kyrkja. Kona vart sjølvsagt rædd og treiv seg i Hovudet, daa det tottest henne at nokot gjekk sund der. Men i same Augneblinken fekk ho Høyrsla att og angrar ikkje paa den litle Uheppa.
 
Hertugen av Cumberland hev etter Upplysningar av ein namngjeten engelsk Jurist ikkje Rett til aa bera denne Titel etter engelske Logjer. Prins eller Konge av Hannover fær han helder ikkje Løyve til aa kalla seg, helder ikkje Fyrste av Braunschweig. Det einaste han hev Rett til aa kalla seg er ”Prinsessa Thyras Mann,” segjer eit Blad. Ogso Pensionist av Danmark kann han vel kallast, dersom den danske Riksdag ikkje veit aa gjera betre Bruk av Rikspeningen enn aa gjeva Thyra dei 120000 Kruner um Aaret, som krevst. Det er ellest ein grepa Egteskapskontrakt, som er uppsett: ingen av Partarne fær Løyve til aa stifta Skuld. Berre den Kontrakten kann haldast.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum