Troll-Draumen.

 
(John Lie.)
(Framhald fraa No. 9.)
 
“Aa,” sa Olav Bjønneskjyttar, “dei er kansi rædde dei norske Kulunne. Aa jamen plag dei høve au! Naa hev eg skoti paa norsk 100 Bjønnar, aa alli skoti mist ei Gaang. De sill’ vera Moro, so gamall eg æ, aa prøve om Kula mi konn’ raaka ein Blekk so stor som ei svensk Kufte, jamen sill’ de so.”
 
”Hys Mann! æ du galen? Du konn’ bli sette. Velsigne Regjeringji!” sa Olav Bæsjord.
Daa floug Talleiv Lidvorson upp, eg tenkte han hae vilt slegji ti Olav.
Aa so tek han i mæ eit Maal so grovt som ein Fosse-Dure:
 
”Eg æ bereiste Kare, eg hev vori heilt paa Egdelandi, aa so langt nor at eg saag ti der Finnanne bur; eg hev vori heilt paa Skaane-Sletti i Svergi, men sodan Syn hev eg alli høyrt. Fyr Løva vi eg slaast, om eg ska liggje paa Kne, solengi Hjarta pikkar i meg, din ”Oskesote” du æ! Kot skjynnar du, som inki hev vori ’to Omns-Kroi?” sa han, aa viste Neven fyr Nosi paa ’n Olav.
 
”Aa du skjynnar væl Spøk,” sa Olav, aa lo aat den vonde Gamlingen.
 
”Spøke meg hit, aa spøke meg dit,” sa han atte, ”d’æ ’ti Spøk detti, Gut!” Aa so tversnudde han seg, aa reiste burt i Benken sette seg, aa surmulde.
 
”Ja ”tydeleg” æ de daa ei stor Skaam aa taka Løva av kon, ho som hev vori i de norske Merkji so mange hundra Aar,” sa Knut Timru atte.
 
”Aa ja den Løva, den Løva!” – tuttra nokre gamle Kjeddingar burti Aaren, med’ dei smatta paa Koffien sin. ”Ska mi naa ’ki maa ha ho lenger anten paa Pening hell’ Plogg! Ho va so heimlege va ho!” – aa so suttra dei aa gret meste.
 
Eg blei reint forfælte. Eg tok Avisa aa las liti Grand. Men so kaam Knut Øyann, aa sae:
 
”Ja æ de ’kji fælt John, naa hev dei funni paa aa sett Null i Flaki, aa skjyte paa svensk?”
 
”Aa d’æ ’ki so farlegt, de misteke dikkon, gott Folk. Løva klarar seg nok. Bli dei fyr nersøkne, so visar ho Taann aa Klo, aa sprengjer baadi Baand og Nullar.”
 
Daa livna Lidvorsonen atte, kanhenda! Upp sprang han, slo meg paa Herdi, aa sa:
 
”De va gott sagt! Du æ ein vituge Manne. Løva hev Kløar, javist hev ho so. Tipas! ha, ha – ha!” lo han, aa snudde Tobak-Tugga i Munnen. De va hjaa honom jamt Merki paa, at no va den Saki greidde.
 
Postkaren kom nettupp inn. Eg hae ei heil Pakke, eg vill’ faa han ti aa leggje i Posten fyr meg.
 
Eg tok ho upp, aa ba han ville sjaa aa faa sendt ho i fyrste Post.
 
”Ska de ti Avisa?” skreik fleire i, av di dei visste at eg ender aa daa skriv litt i Blai.
 
”Ja, d’æ nok so.”
 
”Kot æ de? Lat kon sjaa,” ba dei.
 
”Aa d’æ nokle gamle Folke-Visur herifraa, som eg hev vori so heppen aa faa Tak i, aa som eg vi sende ti ”Fedraheimen”.
 
”Kot æ de fyr Visur?”
 
”Aa dæ ti Dømes ”Troll-Droumen” aa fleire.”
 
”Den Visa hev eg høyrt i min Ungdom”, sa Sigrid Nordskog, ei gamal Kjering, som sat i Aaren.
 
”Aa nei du sei’ daa ’ki de!” bar eg i; ”eg hev alli treft nokon ennaa som konn’ ho hell ha’ høyrt ho. Eg hev funni ho i ein Fuggi ette Asbjønn Tveitaasen.”
 
”Jau de va væl eg hev høyrt ho, jamvæl konna ho”, sa ho atte.
 
”Du minnes ho kansi enno,” sa eg, ”de sill’ vera Moro aa høyre, ho æ ’ki heile hell, denni, avdi at seiste Blai va burtrivi, aa noko av eit Vers æ au burti.”
 
”Aa nei – bære meg – eg minnes ho inki lenger. Men Moro vøre de aa høyre ho ei Gaang ti; de konn’ daa vera at eg kansi konn’ koma paa noko av ho atte.”
 
”De va væl” sa eg hjartegla aa reiv upp Pakka, fann ho upp, aa ti aa lesa.
 
De va stillt i Stoga naa, aa alle lydde. Eg hae lesi ho upp, daa sa Sigrid:
 
”Ja rett æ de sama Visa, aa eg minnes ho va lenger, men de æ plent burti fyr meg, kos Versi lydde.”
 
”Men kansi kann du minnas so noko ti-leites, koss de gjekk mæ denni Guten?”
 
”Eg tiss minnas, at de va nokle Vers um ein stor Mann mæ ein Kross, aa sygd av ei Løve, som reiv sund alle Smaatrolli, Skome-Gygri, aa heile Greia, aa at so Guten kom væl heimatt.”
 
”Men koss va detti Versi, som æ burti av?” Eg las de upp att. Ho sat aa grunda eit Bil.
 
”Neimen kjæm eg ’ki paa de ti noko Visse, men va de ki sosso, so veit eg ’ki:
 
”Dei agtar seg dei som etti liver,
 
Fysst Merkjo syner Klo.” –
 
”Der hev mi de”, sa eg gla – ”der hev m i de, æ greit. Tak ska du hava Sigrid!”
 
Men daa floug Lidvorsonen upp atte, tok nye Tobak-Tugge, aa skreik i:
 
”Nei ”setta” meg va de so! Naa kjæm eg ihug, at eg au hev høyrt Visa. So va de, de veit eg:
 
”I Fre du heimatt fær gange,
Du bere o’ Bergi Bo,
Du be dei agtar paa Syn aa Droumar,
Aa Himels-Teikni æ O.”
 
”Men detti finn eg liti hell ingjo Meining i, Talleif; du maa misminnas, hell au æ de eit Vers av ei aanno Vise.”
 
”D’æ detta Verse, du grev aa spyr ette, aa sosso æ de”, sa han tvert, aa sette seg atte. Ja, eg sto i Tvil. Der slo meg ein paa Herdi, aa sae: ”Lat meg faa tala mæ deg, John.” De va Halvor Høgfoss, ein stor, sterk Manne, som eg heldt myki av; de va ein rein ”Original”.
 
Eg blei reint forundra, av di Maali hass klaang ti meg so haagtisfullt, som va mi i Kyrkja, hell som han ville melle meg ei stor Ulukke. Men eg fygdi ut.
 
”Ja de va de, John, du vi daa vel ’ki sende denne Visa?”
 
”Jau, eg tenkte a de.”
 
”Gjer ’ki de, John.”
 
”Kvifyr daa?”
 
”Skjynnar du ’ki de? Bære meg fyr deg! Æ du som dei Ninivitar, at du inkji skjynnar Skil paa Høgri aa Vinstri?” sa han, aa saag so underleg, ugrundeleg ut, som han sto der storglodde aa snyrpte ihop Munnen, aa gjore tvo store Rukkur, som gjekk rett upp aa ne etti Panna midt fyr den store Nosi.
 
Eg sto kaldflirde, aa han sto. Seiste sa han daa:
 
”Ja, ja John, eg ser du veit ’ki bæri. Men du hev gjort meg so mangei Greie, du John, at eg vi gjeva deg eit gott Raa; de æ de einaste eg kann gjera deg ti Takk:
 
Send ’ki Visa, du kjæm ti trega. Skjynnar du ’ki de, d’æ ei Vise, som æ heiltupp som ein Spaadom. D’æ meg som eit Guds Under, du maa ’ki vanheilage ho mæ aa sende ho, men lat kon tak’ ’o ti Hjarta”. Han va heiltupp ”rørd”, aa Graaten høyrdes site honom i Halsen.
 
”Du mein’ daa vel ’ki at ein kann tye ho som ein Spaadom um dessi fille Flak-Greiunne, veit eg?”
 
”Jau visst, d’æ daa klaart nok fyr kven som hev uppleten Sans de. De tenkt’ eg daa visst du ha’ skjynna, John!”
 
Eg sto aa tenkte eit Bil. Men seist maatte eg læ at Halvors ”Svermeri.”
 
Men daa blei han reint sinna.
 
”Eg ser du gjer bare gliser aa lær at meg, men de fær vera de sama, eg hev gjort mi Plikt aa vara deg mæ.” Han sto aa tenkte eit Bil, so sa han:
 
”Ja, ja, eg ska ’ki vreias paa deg, at du lo at meg, aa difyr so be eg deg um denna Visa, d’æ den merkjelegaste Visa eg ennaa hev høyrt.”
 
Eg for ti aa ira meg, aa seiste so fekk han Visa.
 
”D’æ kanski noko i de du seie, Halvor, aa eg ska lye deg.”
 
”De gjer du rett i,” sa han, aa strouk sin Veg.
 
Eg gjekk inn att. Der va som eit Humle-Bøle, alle tala i Munnen paa kvorandre om denni velsigna Flakingi aa Skjotingi, so eg va leidde laangesia, aa treiv Skreppa aa ville ti gange.
 
Daa krudde der ei heile Horg mæ Kjeringar kring meg, gret aa illi let.
 
”Aa nei at mi inki maa hava Løva kons!”
 
”Aa at de va spaatt um!”
 
”Ja, ja, John, du som kann skrive, velsigne deg skriv ti Kungen, aa be han at mi maa ha kons gamle Merki . . .”
 
”Seg mi site aa græte, so hev han ’ki Hjarta ti aa taka ho av kon . . .”
 
”Du Unders-Teikn! – ja koss Spaadomen hev blivi uppfyllte du!”
 
”Velsigne deg skriv noko!” – aa sosso burtetti surra de i Øyro paa meg, so eg visste ’ki anten upp hell ne.”
 
Eg ville reise, men dei helt meg some i Trøya, some i Hendanne; some kom mæ Kaffi-Sopar, aa bou meg, some bou meg Snus; ja gamle Ingebjør Kvosjor løyste av seg eit flugande nytt, brogda Uppstyt-Band, av bare skire Løje-Gaan *1) aa vill’ gjeva meg.
 
”Snille Folk slepp meg, eg ska skrive, aa eg ska sende Visa . . .”
 
”Ja, ja, fyrst dei ser d’æ spaatt um, detti, so tor’ dei ’ki anna hell sete Løva i sama Staen sin atte . . .”
 
”Ja visst – men eg lyt reise naa, eg hev vonde Stundir.”
 
Eg sleit meg louse, aa de gjekk so heppeleg, at eg inki forliste meir hell tvo Trøye-Knappar.
 
”De va gott eg inki reiste heimati mæ beste Trøya mi i Dag,” tenkte eg, aa rusla heimyvi.
 
Eg gjekk tenkte aa tenkte, aa seist blei de ti de, at eg lo mæ meg sjave at altsamen, aa sette meg fyri aa sende Visa ei aanno Gaang. So fær du ho daa i Dag, kjære ”Fedraheim”!
 
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum