Utlandet.

 
Semja millom Austrike og Tydskland um Artikel 5 i Pragfreden er dagteknat den 11te Oktober 1878, altso nærepaa 4 Maanadar, fyrr ho vart kunngjord, og kann difyr ikkje hava nokot Samanheng med det Umølet, som kom paa Bismarck og Tydskararne fyr Skuld Giftarmaalet aat Hertugen av Cumberland og Prinsesse Thyra, um enn Bismarck fyr den Skuld hev funnet Tidi høveleg til aa kunngjera Semja. Artikel 5 i Pragfreden lyder so: ”Hans Majestæt Kjeisaren av Austrike skjøyter aat H. M. Kongen av Prøysen alle dei Rettende aat Hertugdømet Holstein og Slesvik, som han hev vunnet ved Wienfreden av 30 Oktbr. 1864, med det Skilord, at soframt dei nørdre Bygder av Slesvik ved fri Avrøysting syner, at dei ynskjer aa koma saman med Danmark att, so skal dei gjevast att aat Danmark.” Det er dei sidste Ordi av Artikelen (fraa ”med dei Skilord”), som ved den nye Semja er sette utor Kraft. Um denne Framferdi aat dei tvo Kjeisarrike mot det vesle Danmark, som i lange Tider hev gjort sitt beste til halda upp Samnaden med den megtuge Grannen i Von um, at han ein Gong kunde vinnast til aa gjera Rettferd, denne Framferdi er eit brutalt Døme paa, kvat Semjor og Folkerett gjeld, men Synerne fyr Danmark til aa faa att dei tapte Landsluter hev visst ved dette korkje munat elder minkat; um so Ordi i Pragfreden hadde stadet urøyvde til Heimsens Ende, so hadde sakte ikkje det gjort det minste fraa elder til. Det heitest, at den danske Regjeringi vil fyrst venda seg aat Tydskland, og gjeng det i Mist, aat dei andre europæiske Magter, fyr aa faa ei rettferdug og endeleg Greiding av det nordslesvikske Spursmaal
 
Frankrike. Dufaure gjekk ifraa. Riksraadsformann er no Utriksministeren Waddington. Dei nye Medlimer av Riksraadet er: Leroyer, Justitsminister; Lepere, Handelsminister; Ferry, Skuleminister. Dei nye Ministrar gjeng nokot meir til Vinstre enn dei gamle. Det nye Riksstyret hev teket ved fylgjande Programm: 1) Thingi kann ikkje ved simpel Avrøysting flytja sine Møte til Paris. Skal denne Aatgjerdi takast, so vil Thingi verta ihopkallade til Samstemna. 2) Riksstyret vil gjeva Amnesti aat ein Deil, men Amnestien er ikkje fyr andre enn deim, som alt hev fenget Naade; desse vert altso ikkje sette under Politiuppsyn og fær att alle sine politiske Rettende. 3) Riksstyret vil ikkje ganga inn paa Klaga imot Ministeriet av 16de Mai, men halda seg utanfyr detta. 4) Styret vil arbeida fyr den nye Tollsetningi, og Finansministeren, som er avgjord Motstandar av Tollvernd, vil uppnya Handelssemjorne.
 
Den endelige Fredsemja millom Ryssland og Turkiet vart avgjord Laurdagen den 8de Februar. Dermed er den sidste Krigen millom dei tvo Rike (den 10de) slutt, etter at han hev vart i 21 Maanadar. Dei ryske Tropper skal ha rømt Landet innan 35 Dagar.
 
Afghanistan. Jakub Khan fylgjer Raadi aat Far sin og set seg til Motverja mot Engelsmennerne. Elles er nog Landet i Uppløysing og Styrløysa. Jakub Khan driv no paa og bombarderar sin eigen Hovudstad.
 

 

Frå Fedraheimen 12.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum