"Naadigste Konge!"

Jaabæk vann ikkje fram med Forslaget sitt denne Gongen. Men daa han hadde Rett, og daa alle i Grunnen er samde um, at han hadde Rett, so kjem det væl uppatt og fær betre Lukka.
           
Men Forslaget hans Jaabæk galdt berre fyr Skrift, ikkje fyr Tale. Naar t. D. Præsidenten i Thinget ved Thingopning elder Thing-Uppløysningskal tiltala Kongen, skulde det væl framleides heita Naadigste Konge.
           
Kunde ikkje Thinget, istadenfyr denne meiningslause, millomalderlege Tiltalen, faa innattført den gamle norske Helsingsformelen: Herre Konge? Denne Formelen er greid, ærleg, sann og mannsleg; han segjer det han skal segja og ikkje meir; det er den friborne Mannen, som helsar paa sin Drottin, og ikkje Trælen, som knebøygjer seg fyr Eigaren sin; denne Formelen er dessutan traditionell her i Landet, d. e. hev historisk Grunn og Rett.
           
Dersom Jaabæk elder ein annan kjem att med Forslaget um den Naadigste Konge, bør han hugsa paa aa taka detta med.               
 
X.