[Det er ikkje greidt vera Skulemeistar]

Det er ikkje greidt vera Skulemeistar i denne Tid. Naar Ein fraa Seminarskulen kjem ut paa Bygderne, so krevst det i Undervisningsplanen, at Ein ved Barnets første Undervisning saavidt muligt skal bruka Bygdemaalet, og kann Ein ikkje det, fær Ein høyra Vondord fyr di Ein er Seminarist; og kann Ein ikkje tala eit pent dannet Sprog til Fulnad, so fær Ein høyra, at Ein er Gjengangar av Typen i Asbjørnsens Katekisation. Ingen minnest, kor Ulukka hev si rette Rot, og at det er Uraad fyr oss aa tala som me skal, naar me paa Seminarskulen i 2 Aar hev gjort alt det me kunde til aa gløyma vaart rette Maal, men i Grunnen ikkje fenget nokot i Staden. Hr. K. H. (Fedrh. No. 12) hev Rett i det, at slike Typur finst her enno mange av, og den maa vera lite kjend utyver Bygderne, som ikkje veit det. Naar dei er i Kvardagslaget og talar med beintfram Folk um kvardagslege Ting, daa kann det nok henda dei talar norsk, helst dersom Bygdemaalet er nokotsonær reint og heilstøypt; men talar dei med Presten ja daa kann du snaut kjenna Stakkararne att. Det er eit Knot og ei Tilskaping, som er reint skamleg. Og ikkje betre er det paa Skulen. Skuledirektøren vaar fortalde i Sumar, at han paa Ferderne sine hadde tilholdt Lærerne aa bruka Barnets Maal i Fyrstningi, naar han høyrde dei knotad altfor styggt. Undervisningsplanen var altso ikkje sterk nok til aa faa Skikk paa dei, og det skal me tru, for gamall Vane er vond aa venda. Men all denne Knotingi hev si rette Rot og si faste Grunnstøda i Seminarskularne, slik som dei fleste av desse enno steller seg. Naar Bondeguten kjem dit, so lyt han inn i ein Fordanskningsprocess so aalvorleg at korkje Bismark elder nokon russisk Folke-Samanstøypar turvte skjemmast ved den. Seminaristarne ved Klæbu fær t. D. ikkje eingong Lov til aa fortelja Soga utan paa de Dannedes Sprog; det er det, som einast hev Retten.
           
Difyr maa me aalvorleg beda Thinget um, at det so snart det kann kjem med ei Log, som greidt og klaart slær fast, at Bygdemaalet skal vera Skulemaal paa Landsbygdi. For naar den Logi kjem, so maa Seminarskularne og folka paa seg. Andrelæraren ved Klæbu hadde ifjor sagt det beint fram, at kom her eit Logbod um norsk Tale i Skularne, so skulde ikkje han hava imot, at dei brukad sin norske Tale ved Seminarskularne; og so, som han sagde, vil dei andre og tenkja og segja.
           
Støren 21de Febr. 1879.
 
A. O. S.