[Notisar]

Kristiania, den 28de Februar 1879.
 
I Konstitutions- Nemndi er dei ferduge med Dryftingi av Røysterettssaki: 6 vil ha vedteket det Daae-Sørenssenske Forslag (Røysterett aat deim, som i dei siste 3 Aar hev lagt endefram Skatt etter Likning til Stat elder Kommune, hev fast Bustad i Valkommunen og ikkje stend i Tenesta som Tyende.) Detta Forslaget vil gjeva 123000 nye Røysterettuge. 3 Medlemer av Nemndi held paa eit Forslag, som er framsett av Selboe o. .fl; det er i Grunndragi likt det Aallske og gjev Røysterett ikkje til tenkjande Menn, men til Jordveg, Skipspart, ymse andre Eigneluter og dilikt. Løns- Nemndi fyreslær som Etterløn fyr Kaptein Prahl hans fulle Gage 3520 Krunur. 3 av Medlemerne (Møller, Sæhlie og Vindal) vil likvel ikkje ganga lenger enn til 2800 Kr., Regjeringi hev fyreslegjet 2400 Kr.
 
Det vert fortalt, at Lord Beaconsfield vil uppgjeva Posten som Drottsete. Dronningi skal alt ha sagt Takk.
 
Etter Stuart Mill er det funnet eit nytt Skrift um Socialismen; det skal utgjevast samstundes paa Engelsk og Fransk.
 
Darwin, Huxley, Tyndall, Derektørarne fyr 10 av dei store offenlege Skular og ei Mengd andre hev inngjevet Bønskrift um, at Grekisk vert stroket som Vilkor fyr aa skrivast inn i fleire Fakultet.
 
Fraa Yttre Holmedal vert det fortalt, at det den 5de Febr. fannst Smaadust paa Snjoen liksom fyr nokre Aar sidan etter dei vulkanske Utbrot paa Island, men ikkje so mykje som den Gangen. Dusten vil verta undersøkt.