Meir um Thingvalet i Brattsberg.

/>
(Brev fraa Mo.)
 
I Fedrh. No. 11 stod eit Brev fraa Morgedal. Det er Kultar i Politikken, dei Morgedølarne! Eg hadde tenkt det ikkje var so greidt aa finna
 
dugande Thingmenn i heile Brattsbergs Fylke; men kvat ser me no! Ei Molte i kvar Tuva, som dei segjer. Kvitseid kunde, um det kneip, repræsentera heile Fylket, er det likt til.
           
Naa! Eg vil ikkje segja vidare nokot vondt paa detta; det er godt aa sjaa, at her er Liv i Folk, og at dei hev Tankar fyr Politikken med. Men aa setja slikt nokot fyr fullt Aalvor inn i eit offentlegt Blad, det synest mest ikkje vera gjort av vakset Folk. Skulde detta vera Prøve paa, kor det vilde bera til, um me fekk endeframt Val, so kunde Ein nok finna mangt mislegt ved det au, naar kvar og Ein vilde leggja serlegt Lag paa aa kara fram Menn or si eigi Bygd.
           
Men som sagt: det er godt at Folk tenkjer. Og det er so vigtig og vand ei Sak aa finna dugande Thingmenn, at det nok er verdt aa bua seg litegrand paa Fyrehaand.
           
Presten Paulsen i Vinje er ein Mann med langt større baade Dug og Sjølvstende enn flestalle av dei Øvre-Thelemarkingarne, som er nemnde i No. 11. Han er dertil ein ægte norsk Mann, klaartenkt som faae, og med eit Hjartelag so varmt og godt, at Ein maa hava full Tillit til honom. Det vøre ein Mann aa tenkja paa. I Skien synest det no aa draga upp til Uveer fyr Fridomsflokken. Skulde det der ganga so ubeint til, at Castberg ikkje vart attvald, so kunde væl det og vera ein Mann aa tenkja paa? -                         
 
N.