Utlandet.

Austrike hev fenget nytt Ministerium. I Grunnen er Ministeriet det same, som det fyrr var; det hev berre fenget eit nytt Namn og ein ny Formann. Millom den fraagjengne, Auersperg, og Hans Ettermann, Stremayr, er det ingen politisk Skiland, og truleg kjem ikkje det nye Riksraad til aa reisa nokot politiskt Spursmaal i Riksthinget; det vil faa aa greida Budgettet og Hersetningsforslagi og halda Riksverket gangande so lenge. Ministeriet Auersperg hev voret vonom lenger ved Styret, fraa November 1871 til Februar 1879, altsaa 8 ¼ Aar. Men sidan ifjor dette Bilet, hev fyrst Auersperg voret meint paa aa ganga ifraa, so snart dei kunde finna ein, som vilde stiga att i Staden hans. Tri Gonger hev han i Aaret 1878 søkt Avskil, men kvar Gong hev Keisaren bedet honom aa verta ved Styret, iminsto fyr ei Tid. Ministerkrisen hev soleids vart eit heilt Aar. Den nye Riksraadsformann Stremayr (fødd 1823) hev voret Regjeringsmedlem fraa 1870. Han høyrer til dei Konservative, og han skal vera Ros verd fyr det, han som Minister hev gjort fyr Skulen.
           
Keisar Aleksander av Ryssland hev sendt ut ei Kunngjerd til Folket um den endelege Underskriving av Fredsemja og um, at Tropperne snart er ventande heim. Til Slut heiter det um Utvinningarne av Krigen: Fraa denne Tid er framfyr alt det fulle Sjølvstendet aat Rumænia, Serbia og Montenegro godkjennt, og desse Fyrstedømi hev fenget sitt Velde aukat. Nord-Bulgaria er upphavt til eit friraadugt Fyrstedøme, dei turkiske Festningar der vil verta nedlagde. Ein stor Deil av Sud-Bulgaria hev, med Namnet Aust-Rumelia, fenget Sjølvstyre under ein kristen Landshovding; Turkiet hev bundet seg til aa gjeva dei andre Landsluterne sine i Europa nye Styreskipnadar, og endeleg er den Luten av Bessarabia, som vart skild fraa Ryssland ved Parissemja i 1856, vortet attgjeven aat Ryssland. Vaare Eigor i det asiatiske Turki hev vortet utvidkade ved Tillag av Kars, Ardahan, Batum og de kringliggjande Landsluter. Dette er Utvinningarne av den Krigen, me no hev gjort fraa oss.
           
Pesten skal ikkje hava vist seg i dei sidste 3 Vikor burte ved Astrakan og der, som han fyrst braut ut. Men igaar vart me skræmde med eit Telegramm um, at ein Mann i St. Petersborg hadde fenget Pesten, og daa hadde han ikkje so mange Dagsleider att, fyrr han kunde naa oss og. Seinare kom det likevel Tidend um, at det Tilfelle, som hadde vist seg, ikkje var Pest, men aalmenn Inflammation; seinste Telegrammet segjer Syfilis.