[Notisar]

Kristiania, den 7de Marts 1879.
 
Ein Innsendar i Fædrelandetforsvarar Prest Erichsens politiske Preika i Skien. Forsvaret minner um det kjende: For Herrens Domstol skyldfri, ren og hvid Du stod og staar, det ved vi om dig, Broder. Bladet vitnar, at det i dette Tilfelle har været drevet (?) en skammelig Forvrængelse af de virkelig brugte Ord. Likvel tykkjer Innsendaren og likeins Redaktionen, at Hr. E. ikkje hev voret varhyggd nog i eit Par Punktar.
 
Høgsterett hev stadfest Bergens Stiftsyverretts Dom paa 13 Aars Straffarbeid fyr Knut Monssen Lyngby, som den 20 Juni f. A. drap Kaarkona Barbara Olsdotter med Slag av ein Tresko.
 
Fædrelandet veit aa fortelja, at det private Forslag um Utvidking av Skulegonga paa Landsbygdi fraa 9 til 15 Vikur, fullstenduge Smaabornskular og Utvidking at Seminarkurset til 3 Aar ikkje vil koma under nokot Slag Dryfting i Aar. Me trur, at det vilde vera væl, um Kyrkje-Nemndi fann Tid til aa setja seg inn i denne Saki; det er mindre naudsynlegt aa gjeva ny Skulelog fyr Byarne enn aa bøta paa Landsskulelogi.
 
Ein Innsendar i Morgenbladet tek Ordet fyr, at Gamallnorsk vert teket ut or Millomskulen og Gymnasiet og fær att sin fyrre heppelege Plass ved 2dre Eksamen, so berre nokre av deim, som vert Studentar, fær læra litetvetta. Engelsk-elder Reallina vil Mannen ogso ha burt, so Latinen fær Einveldet i Skularne.
 
I eit Brev til eit annat Blad vert det skrivet fraa Dramn: Folk er her mykje missnøgde med Avdeildi av Norigs Bank. Amtmann Breder hev gjevet eit Svar paa nokre Avisuppsett, som smakar av fornæm Sjølvvyrding men liten Forrettningsdugleik. Med Avsyn paa dei andre Herrar skal me ikkje leggja Stein til Byrdi; med den eine, Hr Borch, hev Folk stor Samhug, allvisst dei mindre Handelsmenn, som han nok mang ein Gong hev hjelpt.