[Storthinget.]

Storthinget. I Tysdagsmøtet 4 Marts vart vedteket Instillingi fraa Gage-Nemndi um Etterløner, deribland full Gage, 3520 Kr., til Kaptein Prahl med 58 mot 48 Røyster. Merkjelegt nog røystad Romeriksfylket, so nær som J. Sverdrup, mot denne Etterløni fyr den gamle Heidersmann, som Bakstrævspartiet hev viljat gjera til ein Brotsmann no, daa han hev gjenget ut or Tenesta. Likso merkjelegt var det, at Stavanger By fylgde Sydre Throndheims Fylke, Kristiania, Throndheim, Dramn og fleire Bakstrævsbyar i Fotefaret i denne Saki. Dei 48, som fann Aatferdi mot Hr. Prahl baade av hans Fyresette i Tenesta og av Riksstyret aa vera Løn som forskyld, hev Krav paa aa minnast; det var: Roll, Selboe, Kaksrud, Bøhn, Schrøder, J. Nielsen, Rye, Aarestrup, Hille, Vefring, Bergesen, Skattebøl, Aschehoug, Jensen, C. Essendrop, Brandvold, Brandt, Horgen, Reinhardt, Flor, Bang, Broch, Olsen, Vogt, N. Jacobsen, Kyhn, Sæhlie, Hansen, Motzfeldt, Lange, Christie, Ebbesen, Spilling, Sandberg, Møller, Daae, M. Iversen, Steen, Svendsen, Smitt, B. Essendrop, Lorch, Strøm, Holtermann, Nysetvold, D. Iversen, Vindal og Richter. Burte var Løvenskiold, Krag, Andreassen, Moe og Holm. Saki um Hjelp fyr Ekkja etter Amtmann Meinich (Kr. 1600), som Meirtalet i Gage-Nemndi ikkje vil vera med paa, vart utsett til seinare.