Ein Fritenkjar.

Ei Forteljing or Samtidi.
 
XX.
                                   
(Framhald.)
           
Han saag paa henne med vaate Augo; ho tagde og rørde seg ikkje. So stod han upp og gjekk. Ragna sat etter og tenkte og tenkte; men det gjekk i Vase fyr henne alt. Det var som Grunnen gleid under henne, kor ho vilde festa Fot. Ho minntest paa nytt Faer sin og hans varslande Ord. Eg dreiv min Vilje fram mot hans, tenke ho; no sit eg her raadlaus og aaleine og fær Straffi.
           
Aldri hadde ho saknat Moer si so saart som no. Men aa faa henne her inn i denne Tid vilde vera Ufredsbod til Hauk: daa vilde ho tapa honom fyr all Tid. Kor skulde ho av? kven skulde ho faa Raad hjaa? Beda? Ho kunde ikkje. Vonde Tankar og ville Spursmaal skar inn og kløyvde all Bøn, all Heilhug i Bøni. Det var Guds rettvise Straff yver eit ovmodigt Kvende, som hadde trutt aa kunna vita hans Tankar og aa kunna vera honom til Hjelp . . . . aa! so armt eit Kryp som ho var no, fanst det ikkje paa Jordi.
           
Ho heiv seg i daaresjuk Elsk yver Vogga -: denne kjære Vesle aatte ho daa, um so alt annat skulde svika! Guten laag og sov; han var heit i Vangarne og syntest ikkje sova rolegt; - enn um han var sjuk? enn um han døydde i Nott -! Ho skvatt upp i Daudrædsla. Han m a a hava Daap! ropad ho, og sende Bod etter Presten.
 
                                   
XXI.
 
Presten kom; Ragna fortalde honom alt. Han riste paa Hovudet. De var tankelaus, som gifte Dykk soleids, sagde han. Eg hadde mine eigne Tankar, sagde ho. Presten stirde paa henne. Og so var eg for ung, lagde ho snøggt til, at ikkje Presten skulde spyrja henne ut.
           
Han forstod henne og smilte saart. Stakkars Barn, sagde han, dersom De hev misteket Dykk, so kann De trøysta Dykk med, at De no fær bøta. Detta slepp De ikkje fraa utan hard Strid. Tak no Striden rett upp! Kannhenda trong De just nokot slikt . . . til Bøygjing og Lutring.
           
Ho kjende seg lettad ved denne Maaten aa sjaa Tingen paa. Graaten kom upp, mild og løysande; so hugsad ho paa Foreldri sine, og Graaten vart sterkare. Presten sat og saag paa henne. Enn all den Sorg, enn all den Graat, som daa altid skal fylgja detta stakkars Livet, tenkte han fyr seg sjølv i still Medynk.
           
Kunde De ikkje døypa Barnet her heime? spurde Ragna, prøvande og rædd. Heime -? spurde Presten. Ja . . . so han . . . ikkje visste det! Eg trur han var glad det vart avgjort . . . berre han sjølv slapp aa samtykkja. Presten saag aalvorlegt paa henne. Detta meiner De ikkje, sagde han. Ho vart blodraud, greet so paa nytt. Kvat skal eg gjera? spurde ho raadlaus.
           
Dersom Hr. Hauk stend fast paa Sitt, sagde Presten, so maa De anten fylgja hans Vilje og so ganga ut or Statskyrkja, elder so maa De. . . skilja Lag med honom, bruka Moer-Retten, taka Barnet med Dykk, og fara heim. Det bydst ikkje andre Vilkor.
           
Eg kann ikkje velja nokot av dei! jamrad Ragna i Vonløysa.
           
Presten sat og tenkte. So stod han upp. Eg vil tala med Hr. Hauk, sagde han. Aa Takk, daa gjorde De væl! svarad Ragna; det var i Grunnen det, ho hadde ynskt. Presten gjekk.
           
Sidan hadde han ein lang Samtale med Hauk. Denne likad ikkje, at Ragna hadde søkt Raad mot honom hjaa Presten; han var kald og kvass og sagde mange harde Ting. Kristendomen er utlivd, sagde han mill. A., og ligg no og tyngjer paa Mannens Ætt som eit uhorvelegt Lik . . . Vaare Prestar er Haruspeksar 1) , og Trui gjeng upp i Politik og Matstræv . . . Og til all denne Lygni og Rotenskapen skulde eg selja min fagre Gut? Nei, Prest! Det vilde vera meg likso fælt som aa selja honom til Slavehandlarar elder til Komediantar. Presten svarad ikkje nokot paa detta, daa han saag, at Mannen var hugsprengd og uppriven. Han nemnde honom berre dei same Vilkori som han hadde nemnt fyr Ragna. Ja ja! sagde Hauk. Vil ikkje Ragna vera med paa det Forslaget, eg hev gjort, og som er so rimelegt og greidt, - so fær me skiljast. Helder tusund Miler herifraa enn ganga og sjaa paa, at de sjælebind Guten min med tyngjande Tankar og stel honom fraa meg med snikjande Lygn! Helder ingen Son hava, enn ein, som i sitt Hjarta bannar meg! Han sprang upp, hugsprengd og harm, sagde Farvæl og gjekk.
 
Daa han kom heim, saag Ragna, at han var reint som forandrad. Ho vart so rædd, ho torde ikkje spyrja. Endeleg sagde Hauk: Du vil altso ikkje vera med paa det, som eg talad um her sist? Ragna saag upp med Aasyni so full av Sorg og Sut, at det skar honom i Bringa. Um Guten døydde i Nott? kviskrad ho kavande og kom i Graat. Hauk bleiknad. Døydde -? Er han sjuk? Just ikkje det . . . men det kunde so snart henda . . . Hauk var upprørd og skromd. Vert Guten sjuk, so gakk til Dokteren og ikkje til Presten! sagde han.
           
Det var fyrste Gongen han hadde sagt eit hardt Ord til Ragna. Men han visste ikkje sjølv, kor hardt det lyddest fyr henne. Han gjekk.
 
 
XXII.
           
Det bar ut or Byen, burt ifraa Folk; han maatte vera aaleine, maatte faa vera i Fred. Gjekk og dreiv, langt og lenge. Han var leid av seg, hjartetyngd, og sjuk; kjende seg heimlaus, fredlaus, utstøytt; visste ikkje kor han skulde gjera av seg. Ragna hadde han tapt; ho heldt ikkje lenger av honom; ho søkte framand Hjelp mot sin eigen Mann; det var Barnet, ho elskad, ikkje honom; ho forstod honom ikkje eingong, kunde elder vilde ikkje forstaa honom; - alle hine hatad honom; Foreldri sine torde han ikkje sjaa; Venerne hans - kaldkloke, hugarme Sjølvsykjingar; naar han var i Naud, drog dei paa Aksli, flirde og gjekk! Verdi var stengd, her var ikkje ein, han kunde tru seg til. Han var ein framand, ein fordriven, ein utlæg Syndar, ein Varg i Veum; og ikkje nok med, at han var utestengd fraa Heim og Kjærleik, han kunde ikkje eingong krevja Rettferd. Spott og Flir var det einaste han kunde venta i si Naud; di verre han leid, di meir vilde alle skikkelege Folk sagnast. Kvi hev du faret so? Kvi var du ikkje som ein av oss? -                               
 
 
1) Haruspeks: heiden Statsprest i det gamle Rom.