Flag og Fanur.

Morgenbladet hev i desse Dagar fenget ein forunderleg Elsk til det norske Flaget. Det stig fram som Riddar fyr Norigs Flag; det kjempar som Roland fyr Norigs Flag; det eglar upp alle dei Samfundsstyttur, som finnst rundt i Byarne til Strid fyr Norigs Flag; - Norigs Flag, detta Flaget, som er kvar Nordmann so kjendt og kjært, detta stolte Merket fyr Fridomen vaar, og Sjølvstendet; detta Flaget, som me fekk av Kong Oscar den 1ste under jublande Takk fraa Nationen; ha! detta Flaget detta Flaget . . . . . Morgenbladet hev brukt upp ei Mengd med Blekk til Vernd fyr det.
           
Er det ikkje utrulegt?
           
Aa nei, det er ikkje utrulegt. Det er ikkje Norigs Flag, som Morgenbladet verjer. Norigs Flag hev med Guds Hjelp betre Forsvarsmenn. Det, som Morgenbladet ofrar sitt Blekk og sin Elsk paa, er Unionsmerket.
           
Det er Unionsmerket, som det gjeld aa verja! Dersom nokon vilde taka dei norske Fargarne ut or Flaget naa, det var væl ikkje so spelegt. Og dersom nokon vilde gjera vaare Fanur alle ihop til kvite Einvaldsklutar, - naa, Morgenbladet vilde knapt øyda burt so mykje godt Blekk fyr den Skuld. Slikt er det ikkje verdt aa gjera Staak um; - me hugser nok det fraa i Sumar. Men naar nokon vil røra Unionsmerket -! Nei daa er her ikkje lenger Tale um Smaating! Daa vert Fargar og Merkje til Livsspursmaal!
                       
 
I Sumar tagde dei, daa det rette norske Hermerket vart umgjort til eit kognelegt Hustroppe-Merkje. No skrik dei, som dei var galne, daa Folk tek til aa vilja, at det norske Flaget og dei norske Fanur skal koma til sin fulle, trygge Rett. - Ser du Leidi?
 
Leidi er forunderleg greid, og allstødt den same. Detta skal me slaa fast, og minnast saman med alt det andre.
                                     
 
Dersom her var Tale um aa kasta Unionsmerket! Men det er her ikkje.
           
Unionsmerket skal standa urikkeleg, der det høyrer heime: i Orlogsflaget. Men i Norigs eiget Heimeflag, Koffardiflaget, der Unionsmerket høver som eit Brennevinsskilt yver ei Kyrkjedør, der skal det ut, fyrdi det ingen Ting hev der aa gjera. Like eins skal det ut av det svenske Koffardiflaget. Det er eit Faavit yver alt Lag, at eit fritt, sjølvstendigt Rike i sitt Serflag skal hava eit annat Lands Fargar.
           
Dei talar um Amerika, um Sveits. Dei skulde tigja, dei stakkars Folk! dei veit ikkje sjølve, kor dei forsnakkar seg. Er Norig og Sverig eit Rike liksom dei sambundne Statar elder liksom Sveits? - Nei! - Sverig er eit fritt, sjølvstendigt Rike fyr seg; Norig er eit fritt, sjølvstendigt Rike fyr seg; dei hev ein og same Mannen til Konung, og so er det ymse ytre Ting, som dei hev bundet seg til aa vera sams um [difyr skal Unionsmerket standa i Orlogsflaget!]; men dei korkje er elder hev voret elder skal verta ein Stat, og difyr er Unionsmerket likso meiningslaust i det norske og svenske - Handelsflaget, som den preussiske Ørni vilde vera i Frankriks Trikolor.
                                   
           
Me skal ikkje taka Unionsmerket or Handelsflaget, meiner Mgbl., fyrdi at det norske Flaget, so som det no er, er kjennt og vyrdt paa alle Hav og i alle Hamnar.
           
Det er sannt: Norigs Flag med Unionsmerket er kjennt i alle Hamnar. Men: just fyrdi detta Flaget, som skulde vera Merke fyr Landsens Sjølvstende, hev i seg Unionsmerket, difyr trur all Verdi, at Norig ikkje er ein sjølvstendig Stat, men eit Underbruk under Sverig, elder eit Land, som høyrer Sverig til. Det, som det fyr oss Nordmenn gjeld um, det er aa faa Utlendingarne fraa denne Tanken um, at Norig høyrer Sverig til. Og difyr - maa Unionsmerket just ut or Koffardiflaget.
             
Desse stakkars handelsmennerne og Skiprarne rundt i Byarne, som hev latet seg narra til aa tromma ihop eit Plebiseit mot Berners Flag-Forslag, skulde aldri fara med Politik. Dei forsnakkar seg, rett som det er, og det so reint burtiveggjenne.
           
Dei er stolte af Foreningen! segjer dei; dei likar Flaget med Unionsmerket, fyr di det viser at vi er ikke blot en Nation, men en Nation, som støtter sig paa en anden Nation! Javisst, so skal det vera.
           
Altso: Riksens Serflag, som just skulde visa, at me var ein sjølvstendig Nation, det viser i Røyndi, at me er ein Nation, som styd seg paa ein annan Nation dvs. ein Nation, som er usjølvstendig! Og detta er desse handelskararne stolte yver.
           
Ein kann vera stolt av mange Ting i denne Verdi. Men det maa vera nokot reint sernorskt, nationalt, detta: aa vera stolt, fyr di Ein vert halden fyr usjølvstendig!
           
Jau, Norigs Æra er i gode Hender, naar Morgenbladet og Grosserararne tek seg til aa verja henne!
                                   
Dersom det finnst ein Ting, som eit Folk sjølv maa raa fyre, so at ikkje eit Riksstyre elder ein Konge kva Dag som helst kann gjera Kunster med det, - dersom det finnst ein slik Ting, so er det væl Merkji paa det folkelege Sjølvstende. Serleg gjeld detta, naar eit Fokk liver i Samfeste med eit annat Folk, og naar det ikkje er fastare i Fisken sjølv, enn at det eig Menn, og det just av dei fremste, som er stolte av aa hava framande Fargar i Riksens serskilde Flag. Det var godt gjort av Berner, at han kom med Flag-Forslaget sitt. Og me skal aldri tru, at Storthinget - som no alt hev set ymist underlegt i Flag-Vegen - læt seg skræma av Morgenbladets Skrik og desse Handels-Telegrammi fraa Smaabyarne. Det er ingen Mann, som trur det Grand paa desse uppskrikne Plebiscit-Greidur. Ingen, som kjenner Mengdi av vaare Sjøfolk serleg av dei eldre, dei, som hev livt, daa Tiderne var større -, trur, at det er Unionsmerket, Sjømannen elskar i Norigs Flag. Nei, - dersom Sjømannen hellest veit Greida paa desse Ting, so er det nok det Raude, Kvite og Blaae han held av, og ikkje det Blaagule, alt um han er like god Unionsmann fyr det. Og i Sverig veit me, at Folk ikkje likar framande Fargar i Riksflaget sitt. Dei Folk hev nok annat aa vera stolte av, dei. Lat Unionen liva! men Rett skal vera Rett.