Skuletankar.

[Del 1 av 2.]
 
(Ved S. B.)
 
Det meste av det, som hev voret skrivet her i Bladet um Skule og Skulestell, hev eg ikkje likt. Men daa eg trur, at Skulen er nokot av det største me no hev aa tenkja paa, so vil eg og segja mi Meining um honom; for naar Meining brytst mot Meining, kjem det altid nokot godt fram.
           
Jamsides med Maalsaki er her vist ingjor Sak uppe her heime no, som vil faa so mykje aa segja fyr dei, som skal byggja Landet etter oss. Ein vælstellt Skule vil ala ei god, sterk Ætt, ein laak Skule det modsette. Det er sannt, at Heimen hev mykje aa segja, kanskje meir enn Skulen; men det er og sannt, at Skulen set sitt Merkje paa Heimen likso væl som Heimen set sitt Merkje paa Skulen. Som den eine er, vil i det Store den andre verta. Baade tvo ihop skapar den Ætti som skal løysa oss av.
           
Det vert ofta sagt, at Skulestellet vaart hev gjenget so overlag fram no ei Tid, og det er paa ein Maate sannt: det hev gjenget fram i det Utvortes. Fyr nokre Aar sidan var her t. D. 1 Lærar fyr ei heil Sokn, no er her 3-4; daa hadde han 20 Dalar i Løn, no hev han 15-20 Gonger so mykje; daa gjekk han fraa Gard til Gard med Skulesakerne paa Ryggen, no hev han gode, fagre Skulehus med mange fleire Bøker og andre Greidur. Det er snaudt til aa likna ihop. Men naar me so ser paa Livet og spyrr: kor er Frukterne? so kann det væl henda Ein ikkje vert so væl nøgd. Men paa Frukti skal Treet kjennast, veit me. Det hev voret sagt, at det enno var for tidlegt aa sjaa etter Frukt. Det kann eg ikkje vera med paa. Alle me Yngre hev gjenget i denne Skulen, og kringum oss ser me Flokkar av Born, som gjeng der i denne Dag. Ein maa soleids hava Rett til aa taka til aa sjaa etter Frukti. Eg talad nyleg med ein Lesar um detta. Han sagde: Eg kann ikkje skyna detta; fyrr i Tidi hadde Folk godtsom ingen Skule; men daa var dei langt snildare og einfaldugare i si Kristentru. Eg kunde ikkje segja, at han hadde Urett i det; eg svarad berre: dei lærer no meir Skrivning og Rekning no. Ja det gjer dei nok, svarad han; men eg gjev ikkje stort fyr det, naar dei attaat vert klenare Kristne. Er detta sannt? Eg trur det er det. Det er iallfall so vidt som eg kjenner Aalmugskulen 1 ) visst, at han ikkje evler aa gjera sine Lærlingar glade i den Kunnskapen han gjev. Og skal Skulen arbeida til Vælsigning, so lyt han arbeida i Gleda.
           
Eg hev ein eldre Bror, som vart konfirmerad nokre Aar fyre meg, og eg minnest godt, kor sæl eg totte han var, som no slapp ut or Skulen og fraa Leksebøkerne, so han sidan kunde lesa fritt det han sjølv vilde. Og eg trur ikkje, eg hev voret aaleine um det aa vera leid av Skulen. Eg skal peika paa ein Ting, som tyder paa same Leid. So snart Barnet er ferdugt med Skulen, so er det og ferdugt med Bøkerne sine; det hev sjeldan og aldri Hug til aa taka dei att; det hev altso ingen Kjærleik til dei Ting, det hadde fyr seg i Skulen. Det einaste, Ein ser dei kann halda fram med, er Skrivning og Rekning og annat slikt, som Livet kann gjera um i Pengar. Men eg hev endaa ikkje, millom dei eg kjenner, set ein einaste, som t. D. hev tekjet Bibelen sin fyr aa auka sin Bibelkunnskap. Hadde Skulen gjevet honom Kjærleik til den, so hadde det voret ein naturleg Ting. Like eins med Fedralands-Soga. Eg lærde S. Petersens Norgeshistorie i Skulen; men dersom nokon trur, at eg av denne Boki fær Kjærleik til Forfedrom mine, so tek han i Mist. Eg lærde Namn paa mange av dei; eg lærde og Sumt av det dei hadde gjort, og at det Aaret hende det, og det Aaret det; men det vart alt ihop so daudt: eg brydde meg aldri det Grandet um det. Eg kom aldri paa slikt som aa taka Snorre og lesa m e i r um desse Ting. Og eg er stød paa, at det ikkje var berre av den Grunn, at eg vantad historisk Sans; Tingen var den, at eg hadde leset meg trøytt paa Soga i Skulen.
           
Detta er leidt. Men verst er det med Religionen. At Religionen skal lærast i leksevis, hell lærast paa Rams, det er fyr meg nokot reint upprørande.
           
Skulen hev, trur eg, eit tungt Andsvar her. Lat oss tenkja paa, korleids det er. Naar du spyrr ein Faer, um Son hans er flink i Religion (berre det aa spyrja slik!) so fær du til Svar: han hev lært Bøkerne sine. Aa hava lært Bøkerne er aa vera flink i Religion. Flink i Religion! det lyest so forunderlegt, og eg undrast paa, kvat Vaarherre tenkjer um detta aa vera flink i Religion! Men det er aalmenn Tankegang. Naar Foreldri hev havt Son sin i Skulen og han der hev lært Bøkerne sine, so hev dei ikkje meir Andsvar fyr honom; Religionen er aa hava lært Bøkerne, og dei hev han lært. Han hev endaa lært aa svara paa mange Spursmaal, som ikkje stend i Boki; det hev dei sjølve høyrt i Kyrkja. Og Læraren skriv i Protokollen: Religion: 1; og Presten kjem, og ser i Protokollen, og ser paa 1-Tallet og nikkar; Læraren gjev Guten nokre vande Spursmaal, og Guten svarar, for han hev lært Svaret av Læraren sjølv! Og Presten klappar Guten paa Hovudet og segjer: Hvor opbyggeligt det dog er i en Skole, hvar der lægges saa megen Vægt paa Religionen! Ja du kann so segja. Ja, Religion er aa kunna Leksa si. Det er det same i alt, endaa med Presten. Kann han tala radt og rivande, so han ikkje trivlar etter Ordi, og veit Ein dertil, at han hev god Karakter fraa Storskulen, so er det greidt, at det maa vera gild Prest. Han hev lært Leksa si, han!
 
( Meir.)
 
1 )Kannhenda er det betre no i sume Maatar, og her er altid Undantak; eg skriv her um Skulen i det heile.