Utlandet.

Sverig. Andre Kammeret hev um Natti til 3dje Mars med 110 mot 23 Røyster negtat Paalegg til Øvingar aat Beväringen og teket ved ein Adresse til Regjeringi um aa gjeva upp elder minka Øvingarne fyr iaar. Fyrste Kammeret hev med eit snaudt Yvertal forkastat Forslaget um ei slik Adresse.
           
Frankrike. Innriksministeren Marcére hev teket Avskil og hev vortet avløyst av Lapére, som stod fyr Handelsministeriet. Til Handelsminister er Folkethingsmannen Tirard utnemnd. Avgangen aat Marcére skal hava sitt fyrste Upphav i ei Rettarsak millom Politiet og det radikale Blad Lanterne. Dette Bladet vart dømt fyr sine Sektingar mot Politiet, men dei Radikale reknad fyr, at dei hadde vunnet Saki, fyrdi fleire av dei lægre Politimenner hadde boret upp Ting, som var til liti Æra fyr deira Fyresette og fyr Stellet i det Heile. Politipræfekten Gigot bad daa Innriksministeriet um, at det skulde verta nedsett ei Etterrøknadsnemnd, og det gjekk Marcére inn paa; men det kom upp verre Ting enn fyrr. Dei Medlemer av Thinget, som sat i Nemndi, vilde gjera seg til eit Slags Høgsterett yver Politiet, og daa denne Yverskridingi av Fyreloga aat Nemndi møtte Motstand, vilde dei ikkje verta sitjande lenger i Nemndi. Daa tenkte Marcére, han skulde freista paa ei onnor Gjerd. Han studde under Politipræfekten, sette av dei Politimenner, som hadde reist Skandalen, og let dei høgre Embættsmenner verta verande i sine Postar fyr det meste. No reiste Stormen seg fyr Aalvor fraa dei Radikale. Det gjekk no utyver Marcére sjølv, og fyr aa berga sitt eiget Skinn gjorde han um att alt det, han nyst hadde sett igjenom og ofrad Politiet fyr aa forsona dei Radikale. Ein heil Hop av dei høgste Politiembættsmenner, som dei radikale Bladi hadde voret stridast imot, men som Innriksministeren hadde teket i si Varetekt, fekk Avskil, og det, som er det utrulegaste av alt, dei avsette lægre Politimenner vart innsette att. So kom Fyrespurnaden i Thinget sin Laurdag. Lisbonne var hugad til aa vita, kvifyre Granskingi yver Politiet hadde stanat, og kvat Innriksministeren var tenkt paa aa gjera i den Saki. Innriksministeren greidde daa ut Saki, og bad um, at det maatte verta framsett ein formeleg Interpellation, som kunde koma under Avrøysting. Den radikale Thingmann Clemenceau sette fram Interpellationen um Maandagen. Han tok paa Marcére og sagde, at Politipræfekturet skulde voret umskipat og Mannskapet tildeils avsett. Marcére svarad i sitt eiget Namn, at det vilde voret det same som ein Proskription. Møtet vart utsett, og i eit Ministerraad stod Marcére paa, at han vilde ganga av. Daa Thingmøtet vart uppteket att, vart det fyresleget og vedteket simpel Dagsordning. Deretter inngav Marcére sin Avskilssøknad.