[Asbj. Knutsens Bilæte til Norigs Soga.]

Asbj. Knutsens Bilæte til Norigs Soga. Det vilde vera leidt, um detta gilde Verket ikkje skulde faa Avsetnad nok, so det kunde førast til Endes. Alle, som ser det, likar det; Bladi hev umtalat det med Ros; Skulen og Heimen hev Bruk fyr sovoret, og det er ikkje dyrare, enn at mest kven det er, kann skaffa seg det. No kjem dessutan ein Ting til, som me serleg vil beda Folk merkja, og som vil gjera Verket endaa nyttelegare, iser fyr Skulen, og det er, at dersom det kjem Tingarar nok og Verket vert aalmennt innført paa Skularne, so vil Utgjevaren senda med nokre Bilæte av Vaapn, Rustningar o. s. fr. fraa Steinalderen, Broncealderen og Jarnalderen, umframt dei 35 Sogestykki. Detta vil koma væl med fyr alle Lærarar.
           
Me skal minna um, at Skule- Utgaava (utan Tekst) vil koma paa 14 Kr. (40 Øyrur fyr kvar Plata) og Utgaava fyr Heimen (paa finare Papir og med engelsk og norsk Tekst) paa Kr. 22,75 (70 Ø. Plata). 24 Bilæte er utkomne: dei andre 11 kjem utetter eingong i dei fyrste Maanadar. Ein tingar Verket hjaa Utgjevaren, Asbj. Knutsen, Birketveit pr. Grimstad. Pengarne fyr dei 24 Bilæte maa Ein senda med same, Resten naar Verket er ferdugt.
           
Tek Ein 7 Ekspl., fær Ein det 8de fritt.