[Bladet "Norge"]

Bladet "Norge" hev innteket ei Brevveksling millom ein Bonde og ein Prest um Bruken av Pontoppidans Spursmaalsbok. Mannen vilde ikkje øydeleggja den yngste Sonens Emne ved aa plaga honom med aa læra denne Boki paa Rams, som han alt hadde gjort med 4 andre Born, men Presten kravde, at Boki skulde lærast utan fraa Perm til Perm. Daa dei ikkje kunde koma til Semja um detta, og Presten viste seg rang og ikkje eingong vilde svara skillegt, skreiv Bonden til Bispen. Fraa Hamarbispens Vikar Hille fekk han detta Svaret. De spyrr, um eit Barn kann verta teket til Ferming utan aa kunna Pontoppidans Forklaring utanbokes, naar det ellest hev full Kunnskap i Kristendom, elder um Presten absolut kann paaleggja enn Konfirmand aa læra Boki utan. Til detta fær eg svara, at det ikkje stend i nokon Prests elder Bisps Magt aa fritaka nokot Barn fyr aa læra den Læreboki, som er autoriserad fyr Skulen og Fermingsfyrebuningi, so framt Barnet hev Gaavur til aa læra henne. Ein Konfirmand kann vera so forsømd elder emnelaus, at ein prest kann verta nøydd til aa slaa nokot av i Kravet paa Kristendomskunna, og det vil daa verta ei Skynssak, um og korlangt han skal krevja den autoriserade Læreboki lært utan, men, naar slike Sertilfelle vert undantekne, meiner eg, at ein Prest er i sin gode Rett, naar han under Fermingsfyrebuningi set alle Born likt og gjerer dei same logmedhaldige Krav til deim alle. Ialtfall hev Bispen, som sagt, ingen Rett til aa fritaka nokot Barn fyr til Fermingi aa læra Pontoppidans Forklaring utanbokes. Bispar og Prestar burde vera dei fyrste til verka fyr, at Utanlesing (Ramselesing) vert avskaffad. Ein fær ikkje høge Tankar um dei gode Herrars pædagogiske Skyn, naar Ein ser slikt. Fyrr var det mange Prestar, som verkad fyr, at Borni lærte det, som stod i Bøkerne, ved aa lesa med Gaum og Tanke. Men me er komne inn i Motstraumen ogso her, etter som me høyrer, endaa i Kristiania. Hadde me 1 Øyre fyr kvart Barn, som i Heimen og Skulen hev fengjet sine Emne øydelagde ved Ramselesing!