[Fredrikshall 8de Marts (Brev).]

Fredrikshall 8de Marts (Brev). Idag hev det voret Møte her av Sjøfolket vaart um Flag-Saki. Møtet stod paa eit Kvarter, og alle var samstellte um aa halda paa Flaget, slik som det er. Mange gamle Sjømenner sagde, høyrde eg ein Mann fortalde, som hadde voret med, at dei gjerne vilde døy fyr detta Flaget, slik Elsk hadde dei lagt til det, og det var det vænaste Flaget i Verdi.
 
Det er hugnadlegt aa høyra so varme Ord i denne kaldkloke Tidi, endaa me kunde ynskja, at dei, som var so hugvarme fyr Flaget vaart, hadde nokot meir politisk Forstand og skynad, at Spursmaal her er: skal det norske Flaget sjaa ut, slik som Folket gjenom Stortinget i 1821 hev fastsett, at det skal vera, elder kann Kongen (??) gjenom ein kgl. Resolution gjeva det norske Folket eit Flag.
 
Detta tenkjer inkje Sjømennerne vaare paa.