Skuletankar.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Ved S. B.)
                       
(Slutten.)
 
Ja det er syrgjelegt kor reint synkvervde Folk er vortne av all denne Lekselæringi. Dei hev liksom gløymt, at Religionen skulde vera ei Magt i Livet. Og det er ikkje so rart. So lengji Trui skal lærast paa Rams, so lengje vil Barnet læra henne paa Rams. Læraren krev, at det skal kunna Leksa, Presten krev det same, og Skuleprotokollen med sine Karakterar lokkar til det same. I seg sjølv er det rett nok, at Barnet lærer um dei gudelege Ting; det er ikkje det. Men ein Ting skulde me krevja, og det var: at det ikkje maatte læra paa ein slik Maate, at Lærdomen vart det vigtugaste, ja einaste. Det maa gjevast eit sterkt Inntrykk av, at Trudom ikkje er ei Lærdomssak men ei Livssak. Det er sannt: Skulen kann ikkje gjera alle til Kristne. Men han skal agta seg fyr aa beintfram lokka fram Rangsynet og Dauvskapen ved den Maaten han tek det paa.
           
Det er likefram Plikt aa krevja det.
           
Det som Skulen no legg mest Lag paa er aa utvikla Forstanden. Eg hev mine stor Tvil um det er rett aa byggja Skulen paa den Tanken. Men um Ein so vil hava Forstanden sterkt utviklad, so er det visst, at Religion og Soga ikkje er dei rette Fag til det Bruk. Me hev Rekning og andre Forstandsfag; lat so dei nyttast til det.
           
Det, som fyrst skal utviklast hjaa Barnet, er ikkje Forstanden, men Hugen, Kjensla og Hugleiken (Fantasien). I dei er det, Barnet liver, og her er det, ein god Uppfostrar skal byrja. Men daa nyttar det ikkje med Læreboki; Ein lyt tala til Barnet. Naar ei Moer vil læra Barnet sitt nokot, so tek ho det uppi Fanget og fortel fyr det. Og naar du spyrr eit Barn: skal eg læra deg nokot? so svarar det: ja, fortel meg nokot! - Her hev me Maaten, den naturlege, naturgjevne Maaten: aa fortelja. Og hev Barnet fenget Smak paa detta, so heiter det allstødt: fortel, fortel, og det vert aldri trøytt av aa høyra paa. Læraren i Skulen skal halda fram paa same Maaten som Moeri heime hev byrjat. Vil han vekkja Elsk til Fedrar og Fedreland og dermed til Folket, som liver i Dag, so fortel han Norigs Soga, og det so godt og so varmt han kann. Barnet vil derigjenom faa Bilæte av dei gamle Menn og Hendingar, som det aldri kann faa av ei Lærebok. Men vil Barnet hugsa detta? Ja det vil det. Sume Smaating vil væl altid gløymast ut att, naar det lid av ei Tid; men kor som er so hev det fenget inn ein Skatt av livande Bilæte, som det aldri vil misse.
           
Fyr mindre Born er det væl altid best aa velja ut mindre Sogestubbar, som er lette aa fylgja og som fær dei fullt med, - helst daa av Segn-Soga. Folksens Barndomssoga høver best aat Born. Naar Barnet vert eldre, fær det Norigs Soga i Samanheng.
           
Og so Religionen. Her er det etter mi Meining endaa meir naudsynlegt aa fortelja, og det av den gode Grunn, at her gjeld det større Ting. Heile den dagmatiske Utgreiding og Utgreining, som Pontoppidans Forklaring er mett av, høver ikkje fyr Born. Dei forstend det ikkje; for Born er ikkje dogmatiske. Og detta aa vilja prova Ting, som ikkje læt seg prova, det fører til mindre enn ingen Ting. Det fører som fyrr umtalat - til ei aandlaus, rangsynt Uppfatning, som set Lærdom istadenfyr Kristendom. Etter mi Meining skal Læraren fortelja Bibel-Soga, den gamle og den nye Pakten, so fullstendigt og varmt han kann og med all den Tru og Vyrdskap han eig og hev han ikkje Tru, skulde han aldri vera Lærar i Religion -; og jamsides med, at han fortel, skal han forklara dei 10 Bud, Artiklarne og Fadervaar, elder rettare: han skal lata Bibel-Soga sjølv forklara dei. Og Borni meiner eg lærer dei utan Bok-Pugg berre av aa høyra dei framsagde og greidt forklarade Gong etter Gong og Aar etter Aar. Tru-Ordet og Fadervaar vil væl ein kristeleg Lærar og bruka dagleg i Bøni paa Skulen. - Dersom Ein gjeng fram paa denne Maaten trur eg, at Borni langt lettare og vissare vil hjelpast fram til sann Kristendom og Kristendoms-Kunnskap. Og skulde dei enn kanskje ikkje kunna svara fullt so klokt fyr seg til Eksamen, so hev væl det mindre aa segja, dersom dei svarar dess betre fyr seg i Livet.
           
Berre ein Ting til skal eg peika paa. Det er det unaturlige i aa spyrja Borni. Daa eg eingong spurde slik ein liten Fyr um einkvar Tingen, skubbad han seg berre lenger inn paa Benken og svarad: det veit du betre enn eg. Eg spurde ikkje oftare. Men Borni spurde meg; - eg trur dei spurde altid, naar det var nokot dei ikkje forstod. Og ofta fekk eg Spursmaal, som eg ikkje kunde greida. Det var fyr meg eit Merkje paa, at det eg hadde fortalt, hadde gjort sitt Arbeid i dei.
           
Dei klagar so tidt yver den vide Klova millom Skule og Heim, og det visst med Rett. Men eg tenkjer, at naar Skulen vert naturleg og sann, so vil den Klova koma burt. I Danmark hev dei no mange slike Friskular som dei heiter, og der er det den beste Semja millom Skule og Heim. Det skal der vera aalmennt, at Foreldre og Systkind fylgjer Borni i Skulen og sit og lyer paa det, som dei i Ungdomen hev lært aa elska. Og eg hev høyrt ein slik Lærar segja, at detta var nokot av det, som gjorde honom mest glad i sin Gjerning.
           
Maatte norske Lærarar rett snart kunna segja det same!