Utlandet.

Danmark skal iaar halde 400-Aars-Festen aat sitt Universitet. Fyr den Skuld hev Danskarne i den sidste Tid voret i store Tvilsmaal: det var fyrst avgjort, at alle Universitet i Verdi skulde innbjodast, men etter at Tydskland hev teket til aa visa eit mindre venlegt Huglag att, hev sume meint, at dei ikkje burde beda med seg andre enn dei nordiske Universitet, og sume, at dei ikkje burde bjoda inn nokon; mange og helst dei yngre, hev stadet paa det, at det ikkje burde gjerast nokot Brigde i den fyrste Etlingi. No hev eit akademiskt Lærarmøte med 26 R. mot 22 forkastat Forslaget um aa halde Jubelhøgtidi paa den Maaten, som fyrst var vedteken. Deretter tok dei samrøystes ved, at ho skal haldast som ein sedvanleg Universitetsfest, at det skal slaast ein Minnepening, gjevast ut større Festskrifter, nemnast ut Doktorar o. s. b. Det kann vera naturlegt nog, at Danskarne no ikkje er vidare upplagde til aa beda aat seg Tydskararne som Gjester, men um den tekne Raadi likevel var ei klok Raad, er nokot annat. Det hev gjenget mange leie Segner i det sidste, som i alle Fall viser, at dei ikkje trur einannan for vel fraa nokor av Sidorne, - det vere no mykje elder lite sannt i deim.
           
Bismarks Mulebandlog vart forkastat um Laurdagen, baade Regjeringsframlaget og Brigdeforslaget aat dei Konservative. Derimot tok Riksthinget ved eit Forslag av Stauffenberg um aa lata Forrettningsnemndi under Forsæte av Thingformennerne granska etter, um Brigdi i Forrettningsordningi er naudsynlege og, um so er, leggja fram Forslag fyr Thinget.
 
Frankrike. Den Etterrøknadsnemndi, som skulde forfara Atferdi aat Ministeriet Broglie-Fourtou, hev innstillt paa Tiltale imot det. Saki skal koma fram i Thinget um Torsdagen. Waddington og hans Embættsbrøder jamvel dei, som gjeng lengst til vinstre, Justitsministeren Le Roger og Innriksministeren Lépère, hev sagt, at dei vil taka Avskil, ifall Thinget tek ved aa setja Ministeriet av 16de Mai under Tiltal. Det hev endaa gjenget det Ordet, at sjølve Grévy skal ha truget med i so Fall aa ganga av. Gambetta skal ogso vera imot Riksrettssak. Nokor Sak er det kannhenda helder ikkje Meiningi aa leggja imot deim, men at dei kjem til aa faa ei Paaskrift, som ikkje er god, er tvillaust.