[Bjørnson]

Bjørnsoner hæv i Flag-Saki. Men det er rart og merkjande aa sjaa, at den same Mannen, som hev so godt Syn og Hjarta fyr det Nationale her, - at han ikkje kann skyna det Nationale i Maalsaki.
           
Maalet er det aandelege Nationalflag, og det hev fullt so mykje aa segja fyr det folkelege Sjølvstende som Flaget. Men daa det norske Maalet ikkje er Bjørnsons Maal, so ser han ikkje detta.
 
-Han legg all si Magt paa aa faa dei framande Fargarne ut or Riksflaget, og stor Takk skal han hava fyr det. Men paa same Tid skriv han rame Motstrævar-Stykkje og krev, at heile Folket skal inn i eit framandt Maal. Detta heng ihop som laus Sand, elder endaa verre.
 
-Han legg all si Magt paa aa verja vaart folkelege Sjølvstende i det Politiske, - og stor Takk skal han hava fyr det! Men paa same Tid er han med paa, ja forsvarar med heit Hug, den Ting, at Norigs Bokrike den Dag i Dag hev sin Hovudstad i Kjøbenhavn.
           
Det Utvortes, det Politiske, forstend han, og strakst kjem det godt norske Hjartat hans upp, og han vert varm og sterk som i gamle Dagar. Men det meir Innvortes, Aandelege, - der kann han ikkje altid vera med; der ligg fyr mange Ting i Vegen.
           
Me skal orsaka Mannen; men og trur det er verdt aa merkje seg detta.                                
 
G.