[Det hev i det siste voret eit fælt Staak og Braak]

Det hev i det siste voret eit fælt Staak og Braak i Flagsaki paa Gata. Thorsdag i fyrre Vika var det fjølgmennte Flagmøte i Arbeidarsamfundet. Seint paa Kvelden elder Notti stimad Folkemengdi til den Staden, der dei trudde Hr. Berner budde; dei tok i Misst og gjorde saklause Folk Uro med Skrik og Skraal, men likso mange ropad Hurra fyr Berner, som dei, som peip. - Fredag Kveld var det Lag fyr Bjørnson i Hotel Royal; dit styrmde Folkehopen, men vart motteken av Politi og Hestfolk. Ogso der ropad ein heil Hop Hurra fyr Berner, Bjørnson, Sars osb. og song Songar av Bjørnson. Seinare paa Kvelden gjorde dei eit Sjokk til Berner og fann nog langt um lengje Garden, han bur i, men ikkje Mannen. Blandad Selskap; Hurra og Pipelaat um kvartannat. So kom Laurdagen. Daa var Bjørnson innboden til Apothekar Thaulow. Det hadde gjengjet Bodstikka, og det var Tanken aa pipa utanfyr Thaulows Hus, men Politiet møtte upp og jagad Mengdi burt. So skulde Fjølden kring til Studentarsamfundet - pipa fyr Formannen Vullum -, Professor E. Sars pipa og Berner pipa og slaa ut Vindaugo. I Studentarsamfundet sløkkte dei alle Ljos til Gata, daa Hopen kom, so Skreidi maatte fara ærendslaus derifraa. Um dei fann Sars, veit me ikkje. Til Berners Bustad kom dei ogso seint umsider og fekk kastat nokre Steinar paa Vindaugo aat saklause Folk, som bur i same Garden, men fann ikkje dei Romi, som Berner bur i, endaa Morgenbladets Redaktør Kristian Friele, som Dagbladet upplyser, var med. Folkehopen var eit Par Tusund, segjer Morgenbladet, som altso veit best Greida um detta. Eit Par Politimenn vart særde av Steinkast. Laurdag Kveld var det kannhenda enno fleire um dei tidlegare Kveldarne, som ropad Hurra fyr Flagforslaget, stundom endaa utan at det høyrdest Pipur. Det er altso ikkje eingong so mykje som 2000 i Kristiania, som er imot Forslaget. Endaa det faste Arbeidarsamfund er sundbytt i denne Saki: Formannen, Hr. Boeck, var med og gjorde Staak under Flagmøtet, men Samfundets Songlag gjekk Sunndagskvelden i Flokk til Bjørnsons Bustad og song utanfyr Hotellet: Ja, vi elsker dette Landet og Norges bedste Værn og Fæste. Maandagskvelden var den typografiske Forening like eins der ute og song Ja, vi elsker og Jeg vil værge mit Land; det var ein stor Flokk; Bjørnson var ute og takkad. Morgenbladet sa, at dei gjorde Fiasko med Flagmøtet. Me hev høyrt mange, som fyrr var uvisse elder endaa heldt med Morgenbladet, taka til aa skyna at dei hev voret paa galne Vegjer. Og Morgenbladet og dess Menn skal so visst ha Takk; det er dei, som hev upplyst Folk um Misstaket. Allvisst er det mange Storthingsmenn, som fyrr stod tvihugade, men no hev naatt fram til full Klaarskap i dei siste Dagarne. Morgenbladet gjorde styggt Fiasko ved aa skulda Hr. Sars fyr aa ha gjort et frækt og usandfærdigt Angreb paa Bladets Holdning i 1844, naar han sa, at Bladet dengong var missnøgd med Resolutionen av 20 Juni. Dagbladet hev gjort Ordrag or fleire Morgenbladsartiklar um Saki fraa hitt Aaret, og Sars segjer, som sannt er, at han med største Lethed kunde faa Morgenbladets Udtryk mortificerede ved Dom, men ikkje vil bry seg med det.