[Heile Byen]

Heile Byenhev voret uppskræmt. Dei Unionsmerkte hev stridt hardt imot, med Skraal og Steinkast og Piping og endelaus Lygn; men Sanningi er sagd, og den vil arbeida seg inn meir og meir fyr kvar Dag. Heretter vil fleire og fleire norske Menn koma til aa skyna, at det er ei Skam aa heisa Norigs Flag med Unionsmerket i; det reine Flaget vil arbeida seg fram, anten so Thinget gjer nokot ved Saki elder inkje. Um nokre Aar vil Unionsmerket ikkje lenger vera aa sjaa paa norsk Grunn, og endaa til Sjøs vil det verta meir og meir sjeldsynt.