[I Berlin]

I Berliner nettupp i desse Dagar utgjevet ei Bok med 6 lithograferade Plancher um Utviklingsgangen og Konstruktionen av Bakladningsriflur av alle Slag i dei nordiske Land. Ved ein Riksthingsmiddag strakst etter Nederlaget i Mulebandlog-Saki var Bismarck likvel ovleg kvat og slo paa, at det vel snart vilde henda nokot, som vekkjer Bisn. Heile Tydskland kallar Prinsesse Thyras Giftarmaal med Hannoverprinsen og Danmarks Aatferd baketter Konspiration (Samansverjing). Eit Folk, som ikkje kann semjast um dei greidaste Ting, hev Bismarck sjølvsagt liten Vyrdnad fyr, og den danske Riksutsending Qvaade bad 3 Gonger faafengt um Audiens fyr aa spyrja, um Preussen no var viljug til aa lata halda Avrøysting i Nordslesvik. Eit annat av Nordlandi, som ikkje kann semjast um Flaget sitt, og som ikkje ein Gong vil ha reint Flag, bryd han seg visst helder ikkje stort um. Det torer difyr henda, at det er Tanken ikkje aa venta rett lengje med aa innlema Jutland i det store Riket.