[Notisar]

Kristiania, den 18de Marts 1879.
 
Kristiania Bykasse tek ikkje so litet inn i Bøter fyr Logbrot, mest mot Politivedtekti. I fyrre Aaret vart vedteket paa Politikammeret 71541 Krunur i Bøter.
 
I Zulukrigen er Nordmannen Styrmann Andreas Larssen fraa Frederikshall med som Sergeant i den engelske Her. Missionslækjar Oftebro hev lovat aa føra ei innfødd Forsvarsdeild, dersom Zuluarne gjer Innfall i Natal.
 
Presten i Vaaler (Borgesysla) A. C. Tannæs er daaen, 65 Aar gamall.
 
Ein Straffange, som sit i Horsens Tukthus (Danmark) fyr 7de Gongs Stuld og hev att tvo Aar av Straffetidi, hev saman med ei Syster ervt 8 Millionar Krunur etter ein Bror, som i sin Ungdom strauk til Amerika og vart Plantage-Eigar.
 
I Millom-Afrika kring Khartum paa eit Rom 3 Gonger so stort som Frankrik hev Turk, Sjukdom, og Hungersnaud rivet burt meir enn Helvti av Innbuararne. Fleire Missionærar er daane av Feber. I Kordofan finnst ikkje Korn, og Medlemerne av Missionen der hev ikkje smakat Braud i 7 Maanadar. I Khartum kostar Korn 5-6 Gonger so mykje som fyrr. I Kina er og Hungersnaud.