[Skulestyret]

Skulestyrethev lagt fram fyr Thinget eit Framset um Bydemaalet i Skulen. Det inneheld Betænkninger fraa alle Seminarstyrarar og alle Stiftsdirektionar, som alle ihop er forunderleg samde. Alle vil hava Instruks, ingen vil hava Log. Alle er samde i Tanken, men alle vrid seg fyr det Praktiske. Men so mykje er iallfall vunnet, at dei hev sleppt fraa seg den Bonnevieske Tanken um aa læra Borni upp til aa tala Bokmaalet, og Departementet lovar, at det vil faa inn i Skule-Instruksarne eit Paalegg, som endeframt skal lyda so:
           
Undervisningen i Almueskulen bør saa vidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog. Efterhaanden opøves de i at forstaa og skriftligt at udtrykke sig i det almindelige Bogsprog.
           
- Som Ein ser, hev dei set seg nøydde til aa gjeva etter i alt, so nær som i det, at dei ikkje vil hava Saki logfest. Kvat Thinget vil svara, veit me ikkje. Men i Grunnen hev Skulestyret no gjevet etter so langt, at Saki ikkje lenger kann tapast. Me skal sidan sjaa aa faa Rom til nokre Ordrag or Departementets Fyredrag; det stend fraa no av fast, at baade Thinget og Skule-Autoritetarne hev godkjent den Tanken, at Undervisningsmaalet i Landsskulen skal vera Bygdemaalet.