[Storthing]

Storthingvart haldet Maandag den 17 Marts. Storhandlar Jacobsen fraa Frederiksstad fekk Heimlov nokre Dagar paa Grunn av Sjukdom i hans Hus. Adresse til Kongen um Løyve fyr Thinget til aa vera saman lenger enn dei grunnlogsette 2 Maanadar vart vedteken. Jaabæk vilde ha Yverskrifti Til Kongen i Staden fyr Naadigaste Konge! Fyr hans Forslag røystad 21 (Jaabæk, Juel, Holm, Listøl, S. Nielsen, Arctander, Reierson, Holmesland, Castberg, Konow, Hjelmstad, Øverland, Dahl, Leer, Qvam, Thomesen, Rinde, Welde, Bentsen og Olafsen). Odelsthing s. D. Eit Brigde i Logjerne um Sal av Ekkje- Sæte- Gardar vart vedteket samrøystes. Likeins Innstilling fraa Nærings-Nemnd No 2 um Forslag til Log um Ekspropriation av Vatskraft til Fremstilling av elektrisk Ljos. Forslag til Log um Fredning av Kval i Finnmarki vart utsett til seinare, daa Forslagsstillaren Andreassen var sjuk. Jaabæks Forslag um Avgift av Hundar paa Landsbygdi og Andsvar fyr Skade paa Bufe ved Hund vart forkastat mot 18 av 78. Qvams Forslag um Brigde i Formannskapslogi (bl. A. um serskilt Val til Landsthingi) vilde Justits-Nemndi ha yversendt Regjeringi med Bøn um aa høyra etter, kvat Heradsstyri meinte um Saki, men detta vart forkastat og Qvams Forslag langt til Grunn fyr Forhandlingarne mot nokre faae Røyster. Tysdag same Saki.