Fraa Bygderne.

Selljord. Præsteugreidurne aukar alt fort. Det er utenkjeleg kor mykje dette Karet som her vert tømt i, kann taka imot; men Botnen maa vera ute, det trur daa eg. Det ser no ut til, at Præsten hev ein Deil i den taktlause Aatferd mot 2 af Flatdals Lærarar, Klokkar Aslak Smedal og Torgeir Aasheim. Aslak og Torgeir fekk i Haust Skulekomsjonens samstemde Lov til aa vera paa Folkehøgskulen ei Tid; men baketter tregad Presten og sagde, at reiste dei paa den Skulen, daa vilde han setja dei av. Ja, han skal liketil hava skrivet til ein av sine Fyresette, at Torgeir Aasheim er afsat. Presten hadde Samling med Skulemeistrarne i Bygdi og sagde daa, at han inkje kravde Pontoppidans Forklaring lærd utanbokes. Til Komfirmationen fordrede han kun den lille Katekismus og Bibelhistorien. Men med eit braasnudde Præsten, og no skulde Pontoppidan pløgjast fyr Aalvor. Han vilde faa ein Skule i Gang, aa Folk inntil 80 Aar skulde lesa Pontoppidan aa svara i den Skulen som han vilde halda. Her vart Vatn aa fiska i fyr Husmannen Olav Hestehegni, han hadde vortet nokot sinnad paa Smedal. So bar det til Presten. Futen Barth, Bror aat Presten, skulde nok ha gjort Utkast til ei Klagelista, som Olav og ein av Præstens Brødre, Kjetil Strand, no skulde faa Krinsen til at skriva under paa. Og dei visste Raad. Dei kom til Folk og fortalde, at her var so faarleg ei Tid, og at det galt um aa halda seg til Statskyrkja, og spurde daa Folk, um dei inkje vilde det. Jau det vilde dei, - og so skreiv dei under utan aa vita meir. Paa Lista skreiv 6 Gardeigarar av dei 46 Gardeigarar i Krinsarne, 11 Husmennar av 46, 2 Husmannsekkjur (av 14), 1 Kaarkjering (av 4), og 2 Lauskarar (av 56). Dei 6 Gardeigararne eig ei Skyld av 11 Dalar. Baade Krinsarne hev 115 Dalars Skyld. Aa daa det er Skylddaleren her, som ber heile Skule-Utgifti, so trur eg Husmenner, Husmannsekkjur aa Lauskarar burde tagt still. Men det tenkte vel inkje Presten. Kor mange av desse Klagarar kann skriva Namnet sitt veit eg inkje, men det veit eg, at den klokaste av dei eingong hev voret Fatigforstandar, og ein annan Veg-Rotemeister. Endeleg kom Skulekommissjonsdagjen 11te Marts, daa den gjilde Lista skulde fram. Her hev gjenget eit stort Gjetord um Lista og desse Ting, og soleids møtte mange fram i Skulekommisjonen bare fyr aa lyda. Provsten Ording hadde reist heilt fraa Sauland, aa fekk no Lov til aa vera med i Ordskiftet. Klaga vart upplesi. Harm og Laatt kunde her trivast ihop, men so kom Læraren med Vitnemaal fraa 6 av dei som hadde skrivet under paa Klaga, og daa fekk me sjaa, at dei inkje hadde skrivet under fyr aa klaga paa Læraren, men paa det, at dei inkje vilde ut or Statskyrkja. Desse stakkars Husmennerne var klaart narra. Ein av dei 6 hadde skrivet, at Olav Hestehegni hadde sagt, at Præsten hadde paalagt honom aa ganga til Folk aa lesa upp 2 Kor. 4,4 fyr aa sannprova, at Aslak aa Torgeir var Grundtvigianarar. No var det paa Nippen, at Lista med dei 6 Vedlag skulde vortet sendt til Øvrigheiti, daa Skulekommissjonen fann, at detta gjekk sovidt, men so blei det endelig avgjort, at baade Lista og Vedlagi skulde ordrett inførast i Protokollen, til eit Minne um Tilstandet i Selljor i 1879, og fyr at Lærararne seinare kunde faa Utskrift av heile Greida. Skulekommissjonen tok som venteleg var, inkje med Silkjehandskar paa Listemennerne; der vart gjevne kvasse Hogg inn i dette Rotestell, og Provsten meinte, at Presten hadde voret forlite varsam, daa han inkje hadde ettersøkt kor Samanhengjet var her. Lærararne møtte fram, aa forsvara seg var lett gjort fyr dei; Listemennerne laag no paa sine Gjerningar. Provsten Ording hev no voret tvo Gongjer til Selljor fyr aa faa Greida paa Striden, og no paa Skulekommissjonen sagde han, at han vilde samlast med Medhjelpararne og andre Menn i Bygdi; men han hev reist fraa oss og ingenting gjort. Eg trur, at Bispen lyt sjaa aa faa litt Fart i sine Menn, for rett no gjeng inkje dette lenger. Her i Selljor er komen ei altfor stor Sprunga i Stats-Kyrkje-Muren til, at det kann bøtast paa med litt Kalkklining.                                                     
 
b.