Fraa Flagmøtet.

Hev du høyrt hell set Bjørnson? Skulde du ikkje det ha gjort, vilde det voret godt, um du hadde voret med no um Torsdagskvelden, daa han gjorde Flaget klaart fyr Unionsmerket.
           
Det var ei forunderleg Stund.
           
Tenk deg ein Mann mot ei heil Horg, som hadde sett seg fullt og fast fyre, at han ikkje skulde faa segja eit Ord; tenk deg, kor dei brukad seg med Staak og Skrik, Spitord og Tver-Ord, - og so tilslutt maatte ganga derifraa med etande Harm, fyr di dei sjølve kjende, at dei i Botn og Grunn hadde tapt Slaget! Det var so baade Hug og Heile maatte takast fangne i Undring yver den Mann, som so væl kunde halda Herredøme yver baade seg sjølv og alle desse andre. Han maatte stansa millom kvar Setning, medan Skriket stod paa; men under Stansen syntest det som han berre stod og slipad den Odden, som han i næste Augneblinken sendte radt attende i dei, som skriket hadde. Og det kvein i dei, kvar Gong han rende Odden i dei, liksom naar Veidaren kjiler Kniven i eit Udyr.
           
Han var ikkje just so høgmælt altid; naar dei remjad som verst, var det mest som han svarad dei kviskrande; - ja, dei høyrde det nok, men det kom so fint smjugande, liksom han vilde taka dei med List. Men saag du daa upp paa den store, bringebreide Karen med det djerve Andlitet Haarmanken stroken bakyver, lettande paa seg kvar Gong han rørde Hovudet -, so kom Tanken um List burt som Skodd i Sol.
           
Det maatte røyna dei hardt, naar han skrubbhøvlad dei paa Innsida, dei stakkars Skrikararne; leigde var dei, og leigd Hjelp brukad dei, og laak Takk kann dei venta fyr laak Tenest. Ikkje so aa forstaa, at dei var leigde just fyr denne Gongen; men dei stend baade no og hellest i Tenest hjaa det Faamannslaget, som hev Magti i detta Landet.
           
Dei visste nok, at kom Bjørnson inn paa denne Leikarvollen, so vart det som naar Hauken slær ned i Stareflokken; dei hadde ikkje annat aa gjera enn aa skrika.
           
Han kviner, som Slaget fær.
           
Men han, denne Eine, kvat sa han væl? Han sa det han vilde segja. Dei fekk ikkje eit Ord atti honom, dei laut bera det med seg alt.
           
Han vann inn paa dei Stig fyr Stig; det var Skrikararne, som vart haasmælte og trøytte, ikkje han. Og det var so det sokk i dei, daa han sluttad med dei Ordi: Har jeg ikke skjønnet det før, at Unionsmærket maa ud, saa skjønner jeg det nu, - og nu skal det ud! Den Odden med dei andre stakk so djupt, at dei skreik Notti til Endes og Kvelden etter med.               
 
Ø.