Utlandet.

Frankrike. Folkethinget hev med 317 R. mot 169 forkastat Forslaget aat Etterøknadsnemndi um aa setja Sekstande-Mai-Ministeriet under Tiltal. Høgre røystad med vinstre Centrum og det moderate Vinstre imot Forslaget. Clemenceau, Føraren fyr det radikale Vinstre fyreslo simpel Dagsordning; det Forslaget vart forkastat med 225 mot 187 R. Ei motiverad Dagsordning av Rameau, som fordømer Ministeriet av 16de Mai, vart vedteki med 240 mot 154 R. Ministeriet Waddington er soleids frelst fyr ei Tid iminsto. Kannhenda ein og i denne Avrøystingi kann sjaa eit Teikn til, at dei meir hovsame bland Høgremennerne er viljuge til aa slaa Lag med dei moderate Republikanerar fyr aa halda dei Radikale nede. Det kann ikkje negtast, at desse i den sidste Tid hev teket til aa bera Hovudet høgre, enn dei fyrr hev gjort. Dei hev mange duglege Folk i sin Fylking, og den djerve gaavefulle Clemenceau er den Mann, som nok kann føra ein Flokk. Elles er det vist so, at me aalment held dei franske Radikale fyr mykje verre enn dei verkeleg er. Dei fleste av dei Umbøter, dei krev, er slike, at me undrast yver, at eit fritt Land kann ha funnet seg i aa onvera deim til denne Dag. Dei konservative Blad inneheld fylgjande Motmæle fraa Ministrarne av 16de Mai imot den brennande Dagsordningi aat Folkethinget. Thinget hev yverstiget sin Rett etter Riksskipnaden. Domen aat den ugilde Domstolen er daud og magtlaus. Thinget kann forklaga Ministrarne, men ikkje døma deim uhøyrde. Det kann freista aa rama deira personlege Fridom, men det hev ikkje Rett til aa taka paa deira æra. Ministeriet yvergjev hugheilt Dagsordningi til Folkets Dom.
           
I Tydskland ventar dei, at Bismarck skal vilja senda Riksthinget heimatt. I so Fall vert det 3dje aalmenne Riksthingsvalet paa 2 Aar.