[Formandskapslogi.]

Formandskapslogi. Qvams Forslag gjekk ut paa, at dei, som møter paa Fylkesthingi, vert uttekne ved endeframt Val av og bland dei Røysterettuge, dei største Herad paa 4000 Menneskjur og deryver, sender 2 Repræsentantar, og ingen Repræsentant hev berre halv Røyst. Det siste gjekk igjenom i Odelsthinget, men i Valmaaten av Ordføraren, som framleides skal møta paa Fylkesthinget, - altso 1 Mann fraa kvart Herad vart gjort det Brigde, at han vert vald av det heile Heradsstyre (Formann og Repræsentantar), ikkje berre av Formennerne. Rekneskaps-Decisionen vart yverførd fraa Formennerne til det heile Heradsstyre. Til Fylkes-Revisorar kann etter den vedtekne Logi veljast kvennhelst. Samlingstidi fyr Fylkesthinge vart aukad med 2 Dagar. Desse Brigde er visstnog ikkje so overlag store, men det er likvel Framstig paa alle Punktar. Det er berre Morgenbladet, som finn, at Qvam har lidt et gjennemgaaende Nederlag paa hele Linjen. Elskverdugt det Morgenbladet, og allstødt likt seg sjølv!