Meir um Partistriden.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Innsendt.)
             
II.
 
(Slutt fraa No. 15.)
 
Eg tor ikkje rekna meg sjølv ihop med dei, som er komne lenger enn Luther, men so skralt som her er, so trur eg like væl, at her er Vonom fleire, som stend Kristi guddomelege Sanning nærare enn nokon kunde gjera fyr 300 Aar sidan. Og eg hev den Trui, etterkvart som Bibelen vert vidare spreidd og meir lesen, so vil det, saman med stigande Upplysning, gjera meir til Vekkjing av eit rikt og reint Kristenliv, enn all Verdsens Theologar med sine Dungar av Dogmer, Utlegningar, Forklaringar og Umforklaringar. Helder ikkje trur eg paa Methodistar, Gjendøyparar og alle andre -istar og arar, som det kraumar og kryr av, all den Tid det Vigtigaste skal vera det aa forsvara m i einaste rette Uppfatning av det og det, m i reine Læra!
           
Eg skal her fortelja, korleids det Verket, som fyr meg er det største og signingsrikaste i detta Aarhundradet, kom i Gang, - eg meiner det Britiske og Utanlandske Bibel-Samlag. Det vart stiftat i 1804 av ein engelsk Prest Thomas Charles, ein Baptistprest Hughes, ein luthersk Prest Steinkopf og ein prest i den stive engelske Statskyrkja Owen. Den fyrste av desse var Prest i Wales, der dei talar eit reint annat Maal enn hellest i England og difyr i mangt ligg atterut. Han var ein av dei, som ikkje trudde han hadde gjort nok, naar han talad i Kyrkja kvar Sundag; han arbeidde med Kraft fyr Upplysning av Ungdomen, fekk Skular i Gang og førde godt Tilsyn. Ein Dag um Hausten 1802 raakad han ei Gjenta, som han kjende fraa Skulen, og spurde henne daa, um ho kunde minnast den Teksten han talad yver no um Sundagen. Istadenfyr aa faa eit raskt og greidt Svar, som han var van med, saag han, at Gjenta tok til aa graata, og so sagde ho, at det hadde voret slikt Uveer, at ho ikkje kunde faa lesa Bibelen. Det kom daa upp, at der ingen Bibel var i Byen paa deira Maal, men at dei var vane aa ganga fleire engelske Miler kvar Vika til ein Stad, der ein slik Bibel fanst, fyr aa læra det Kapitelet, som skulde talast yver um Sundagen. Mest paa same Tidi fekk Presten vita um 12 fatike Bønder, som hadde lagt seg ihop um aa kjøpa ein Bibel, og denne skulde dei daa faa hava kvar sin Maanad. Den, som skulde faa Bibelen seinst, var ein gamall Mann, som greet og jamrad fyr Presten, at han skulde maatta venta i 12 Maanadar, og kanhenda døy, fyrr han fekk Bibelen i Hus. 1 )
           
Presten hadde etter detta inkje Ro, fyrr han fekk koma inn til London og snakka med Folk um denne Saki. Han kom inn i Styret fyr eit Traktat-Samlag, og her vart dei samde um aa samla eit Lag til Utgjeving av Biblar fyr Wales. Men so sagde Baptistpresten Hughes: Kvi skal det berre vera fyr Wales? Kvifyr ikkje fyr England, ja fyr heile Verdi?
           
Desse Ordi gjekk sterkt innpaa dei, og den lutherske Presten Steinkopf baud seg til aa reisa til Tyskland fyr aa vekkja Folk til Hjelp der. Dei skildest no, med ei Kjensla av at Vaarherre her hadde eit stort Verk i Gjerdom, fyr aa arbeida kvar paa sin Kant, og 16 Maanadar etter, den 16de Mars 1804, samlast i Londan ikring 300 Mann med same Tanken. Det var ei Blanding av Methodistar, Baptistar, Kvækerar og Lutherana- rar, Prestar og Lægfolk, som vilde skræmt ein norsk Lutheranarar langt av Leid.
           
Ein Prest av den engelske bispelege Statskyrkja var der; han fortel, at han sat som paa Gløder, - plent so, som Ein kann tenkja seg ein av vaare vilde gjera i ei slik Forsamling. Han maatte med Mothug gjeva desse varme Talarar sitt Samtykkje; men daa den lutherske Presten, simpelt men rørande, hadde fortalt um Tysklandsferdi si og um den aandelege Jammersdomen der, so uppgav han med seg sjølv alt Motstand mot denne Saki og lovad Vaarherre aa vera med i Arbeidet.
           
Han saag her ei Forsamling av Kristne, som i lange lange Tider hadde voret skilde og framande fyr kvarandre, men som no hadde gjevet seg i Lag fyr aa fremja eit stort og heilagt Verk. Og det vart eit stort og heilagt Verk, - endaa dei leet vera aa slaast um den reine Læra!
           
Detta skulde voret hjaa oss.
           
Sjaa paa dei Forhandlingarne, som vert førde, og dei Meiningarne, som kjem fram, paa Lægmannsmøti vaare, paa Stiftsmøti, og andre slike Møte, der store Spursmaal skulde greidast, og du vil sjaa, at det er ein annan Aand, som raar her. Um vaare gamle Lægfolk vil eg Ingenting segja; dei hev sin Barnelærdom, dei, og den maa Ingen røra, ikkje eingong Peter og Johannes. Dei vil eg mana upp til aa spyrja den Bibelen, som dei forsvarar utan aa lesa. Men naar Prestarne i kraft av Kappen og Kragen vil gjera seg til Domarar yver alle, som ikkje plent kann høva inn i deira Regelverk, so vedgjeng eg, at eg forargast. Naar ein Klaveness sender Banstraalen burtyver
 
Lægmannsflokken, so trur eg denne hev Grunn til aa beda Vaarherre verja seg mot sine Vener. Og naar ein Barth trur seg kallad til aa vera norsk Jesuit elder Soknepave, so kann det nok henda at han er mindre var um seg og mindre klok til aa gjøyma burt det som kunde vække Opsigt; men Ingen maa tru, at den Karen er nokot Sersyn i detta Landet. Kann nokon skyna, korleids desse Folk les sin Bibel?
 
Eg veit, at der kann Lammet vassa og Elefanten bliva, og eg er rædd, at her flyt mange Elefantskrottar ikring paa Statskyrkjehavet vaart. Men Gudskjelov! so lengje me enno eig livande Kristne, som arbeider i Aand og Sanning, so tarv Ein ikkje sleppa Modet. Men me kann nok trengja til aa beda Herren yver Hausten, at han sender Arbeidarar; for Hausten er stor og Folket faatt. Det kann og turvast, at me vert Arbeidarar sjølve, fyrst fyr vaar eigen Framgang og sidan fyr den Krinsen me stend i, anten so han er liten elder stor. So kunde det til Slutt henda me lærde, at den rette reine Gudsdyrking ligg ikkje i det aa finna upp theologiske Læresetningar, men i det: aa sjaa til Faerlause og Ekkjur, som er i Naud, og aa halda seg sjølv ufengd av Verdi.
           
Bibelen maa me faa meir og meir spreidd og fyrst og fremst: meir og meir lesen.
 
1 ) Bibelen vert i det heile brukt paa ein heilt annan trottugare og rikare Maate i den engelske Kyrkja, Skulen og Heimen enn her; difyr er der og eit rikare og reinare Kristenliv.