Utan Rang.

[Del 3 av 10. Fyrste delen.]
 
Skaansk Folkeliv paa 1830-Talet, teiknat av Ave.
                                   
 I.
                         
(Framhald.)
 
Lave nikkad samtykkjande til desse Meldingar, som Mylnaren i halvhøg Tone kom fram med, i di Hr. Danielsson liksom kom burt og gav Rom fyr Mylnaren, Per, Son hans kloke Lars Danielsson i Tommelykke.
           
Men no fekk Mylnaren Auga paa Prestemnet sitt, som, utan aa bry seg um at Faer hans var der det galdt væl Saudskindi, tenkte Guten; for Lave hadde Saudskind fraa Mylnaren til Reiding sat der og lagde sin bleike Kinn inn til det ljosefriske Andlitet aat Olu, i di han hjelpte henne aa føra Greffelen. Daa kom Storkarsminen upp att.
           
Er det paa den Maaten han studerar og viser sin latinske Kunnskap? Kvat er det du hev fyr deg der, Daniel?
           
Eg berre hjelper Olu aa skriva B, svarad Guten, utan Staming no.
           
Mylnaren saag handfallen paa Lave. Skal Skræddardotteri læra skriva? veit Faeren um den Saki?
           
Ja, baade Faer og Moer, svarad Olu, men bljug var ho, og det likso væl fyr Foreldri Skuld.
           
Meir vart det ikkje talad um detta i Skulen den Dagen. Per Mylnar gjekk heim, og Haren vart godt og væl bergad heim i Stova hans Knut, Sokneskræddaren.
           
Daniel skal i Latinskulen til Nyaar, kunngjorde Per fyr Kona si, daa han kom heim; han skulde difyr haldast burte fraa Skræddaren og Maalaren no, naar Joli kjem. Ho Olu hans Knut er ingi Leiksyster fyr ein Latinskulegut, forklarad han og vende seg burt fyr aa sleppa aa sjaa det spyrjande Augnekastet, Kona hans gav honom. Ja, det nyttar ikkje aa leggja imot; for so mykje Mylnar er eg, at eg veit det er betre aa stemma i Bekken enn i Aai.
           
Men, Per, er det sannt, at du skjeller meg fyr Frua di ut i Bygdi? Fatikfolk, som gjeng og bed, tek til og kysser meg paa Fyrklædet no. . . . Eg vert til Narr fyrr alle vaare Jamnlikarar . . .
           
Hev me nokon Gong havt slike, Dorte? Moer di var Jordmor, Faer din Jordmor-Mann, og min var ein klok Beindoktar. Eg hev aldri kunnat verta vald til Kyrkjeverja, elder Nemndemann, 1 )  elder um galet skulde vera Riksdagsmann. Kvat kunde eg daa verta annat enn rike Per Mylnar, og det er eg no, alt um me ikkje hadde stort aa byrja med. Men so heitest det, at eg tek større Meldavgift enn ærlegt er. . .
           
Det er ei æveleg Lygn, Per; det hev du aldri gjort!
           
Nei, aldri, Dorte. Var eg ein uærleg Mann, so kom ikkje ho, Gjenta, som fyr sine Synder Skuld ikkje kunde faa vigd Jord, men vart nedgravi her i Skiftet millom meg og Kyrkjeverja . . . eg fekk kastat Jord yver den morknade Kista hennar, som no etter det seinste Haustregnet stakk seg fram or Moldi att . . . den arme Sjæli kom væl ikkje og vekkte Mylnesveinen, naar han raakar til aa sovna og læt Kverni ganga i Stein, - dersom eg var ein Tjuv, som fortente, at Kverni mool seg i Brand. Do, lat det vera det same, Dorte; men kvat Plass fær du væl ved vaare Gilde? maa du ikkje altid sitja paa den lause Frambenken ved Bordet, der dei sit, som er utan rang? Du sit attmed Klokkarkona, og eg breidd-med Klokkaren...
           
Naar eg skiftar Føringi mi, so veit du, baade du og eg kjem upp i Høgsætet, der Skiftararne sit . . .
           
Ja visst! daa kann dei ikkje annat! Men naar er det væl din Tur aa skifta Gildeføringi vaar? Jau, sist av alle, naar Gjesterne er leide av kald Steik og Sukkerkaka og kvar ein lengtar heim til sitt; daa kjem du, Dorte, med som ein Attpaasleng.
           
Det kann no Ingen hjelpa, at me ikkje høyrer til Ætterne her i Gildelaget.
 
Det er det same, heldt Per fram i einvis Tone; kann eg ikkje verta retteleg Storbonde, so skal eg so mi Sann verta Herremann, og Son min skal verta Prest, so eg kann faa den Gleda eingong aa høyra, naar han fraa Preikestolen hudpiskar baade Kyrkjeverja og Nemndemannen og Riksdagsmannen; det kann daa Ingen meinka min Daniel aa tala imot Storlæte, Girugskap og Ovund.
           
Men lat meg sleppa aa verta Frua!
           
Nei, Dorte. Lengje nok hev me stadet midt i Vika og glytt etter baade Sundagarne. So snart Daniel vert Latinskulegut og fær si Klædeskufta og Klokka paa Lumma, so fær eg meg ein Utanpaakjole med fiberisk Krage og For av svarte Lamskind; Lave reider no tvo slike Skind til meg, so eg hev nok til det . . . Deg kauper eg slik ein loden Ord med Rennesnor um Halsen, otte ti Alner lang Boa trur eg Provstinna kallar sin, som heng henne radt ned aat Føterne. Og so kauper eg deg ein Hatt so fin som han er havande fyr Pengar.
           
Men Per
           
Hev du leset Hustavla di, Dorte? elder tak berre du og sjaa etter, kvat der stend aa lesa fyr gifte Kvinnur, og gjer meg ikkje vond; du veit at eg baade vil skal hava min Vilje fram!
           
Dorte visste detta og sukkad berre stillt med seg sjølv: Kor skal eg kunna syna meg med Hatt fyr Folk i Guds Hus? Gud hjelpe meg, eg fær daa fleire Augo paa meg enn Presten!
           
Ei Vika gjekk, og kvar Kveld gaadde Mylnaren, at ung Daniel, Prestemnet, fylgde Olu heim fraa Skulen. Detta var fyr Daniel aa ganga framum Faer sins Dør, for Huset aat Sokneskræddaren laag just i Utkanten av Mylnaren sin Jordpart. Denne, som ikkje var stor, sluttad just ved Huset hans Knut i ein kvass Vinkel, avgrenst av tvo samanlaupande Jordvollar, som var sette med Pile-Runnar og yverdregne med eit Nett av Kjeringbær- og Bjørnbær-Buskur, so dei um Sumaren og Hausten stengde væl av fyr kringum-dragande Smale, Gjæser og Tiggarborn, som kunde hava Hug paa den trikantade Kaal-Aakeren og Stikkelsbær-Trei bakanfyr Sokneskræddarhuset. Aakermarki aat Mylnaren rokk ende upp til dei tvo Plommetrei, som skyggde Framsida av Huset og hadde imillom seg ei Rad av Stokk-Rosur, som um Sumaren strekte dei eld-raude Blomarne sine so høgt upp paa den graae Stoveveggen, at dei glytte inn gjenom Glaset.
           
No laag Snjoen djup og hard yver Aakrarne, Vollarne og Kaal-Sengi, som det berre her og der stakk fram einkvar grøn Kaalstylken or, tydeleg graven fram i Dagen av Mannshaand. Stikkelsbærtrei liktest smaae raude Saatur; Plommetrei var, av Dimma, Sol og Frost i Lag, yverdregne med ei glansande Isskorpa, og fraa Halmtaket hekk ei tett, lang Rad av dei gildaste Jøklar. Skræddararne, som hadde arbeidt heime i nokre Dagar, fraus berre dei glytte ut; men Kong David og Harpa hans glødde mest raude paa den eine Omn-Sida.                                                
( Meir.)
 
1 ) Lagrettesmann.