Utlandet.

Dei republikanske Fylkingar, som var paa Vegen til aa skiljast, hev vortet samlade att ved Skuleforslagi aat Ministeren Jules Ferry. Striden millom dei tvo Hovudmotsetningar, Republikanararne og dei Klerikale, er livnad uppatt. Folkethinget hev alt samtykt eit Forslag, som var understudt av Skuleministeren, um aa skipa til Seminarskular fyr Lærarar og Lærarinnor aat Aalmugskulen. Det er ikkje nokot Prestarne er so rædde som slike Seminar, tilskipade og tilsedde av ei frilyndt Regjering. Det er daa gjevet, at det er ute med deira Yvervelde yver Aalmugskulen. Eit av Forslagi aat Jules Ferry gjeng ut paa aa taka fraa dei private katholske Universitet Retten til aa deila ut akademiske Grader, og dermed er Grunnlaget fyr deira Tilvære undan deim teket. Dernæst vert det forbodet 27 religiøse Samlag, som tilsaman eig 88 Skular med eit Mannskap paa 1937 Mann, aa halda Skule. Dermed er alle Jesuitar raamade. Dei Kvinnesamlag, som ikkje fær halda Skule meir, hev tilsaman 200000 Skuleborn. Det store Skuleraad skal setjast saman paa ein ny Maate. Alle Medlemerne skal takast av Lærarmannskapet, som Regjeringi hev sett inn, og ein Deil av Raadet skal utgjera ei stødug Skulenemnd ikring Skuleministeren. Det er ikkje nokot Frankrike meir, segjer det legitimistiske og klerikale Blad Union.
           
I det tydske Riksthing hev det voret framme eit Forslag av Schneegang um aa skipa til ei sjølvstendig Regjering fyr Elsass-Lothringen, ei, som skulde hava sitt Sæte i sjølve Landet. Kabb forkynnte, i Protestpartiet sitt Namn, at han ikkje kunde røysta fyr Forslaget, minders det og kravdest eit Landsthing med Repræsentantar valde ved endeframt Val. Bismarck sagde seg viljug til aa taka Ordet i Sambandsraadet fyr aa gjeva Elsass-Lothringen eit Sjølvstyre, som kunde samstava med Landsens Tryggd i Militærvegen; men ein fekk ikkje sjaa Tingen i eit alt for rosraudt Ljos. Han viste paa dei mange Medlemer av Protestpartiet, som var valde til Riksthinget, og Prestarne, korleids dei bar seg. Skulde det noverande Styre flytjast til Strasburg, maatte det i alle Fall gjerast ved keisarleg Forskrift. Han trudde, det burde innsetjast ein Statholdar. Aa utvidka Landsnemndi til eit heilt Landsthing var ikkje tenkjande paa, fyrr enn det laag Forslag um Valmaaten fyre i Sambandsraadet. Alle Ettergifter maatte likevel fyrskuld Landsens Tryggd vera atttakande.
           
Pesten. Avstengjingi av Vetljanka var alt slutt, og Fysna var stor. Det fannst ingen pestsjuk meir. Men etter det sidste Telegramm skal det ha vist seg eit nytt Tilfelle att.
           
Ulukka i Szegedin. Etter dei sidste Tidender stend det ikkje att meir enn 335 Hus av 8000, og av deim er berre 261 i slikt Stand, at det er buande i deim. Vatnet minkar no jamnt, og Folket, som var rømt, kjem no att til sine Eigneluter. Men Naudi er stor.