["Morgenbladets" Paaskepreika.]

"Morgenbladets" Paaskepreika. Til Uppbyggjing av det nationale Liv hev Morgenbladet fyr 1ste Paaskedag 13de April uppteket ein Artikel fraa 6 norske Skiprar, som laag med Smaaskuturne sine i Waterford den 5te s. M, mot Flaggforslaget. Artikkelen ender med desse store profetiske Ord: No skal Unionsmerket ikkje ut or Flagget! Hovdingen fyr Flokken heiter Bruusgaard, og han, som vonleg hev ført Pennen, skjemst ikkje ved aa brusa i Veg med desse Ord: Hr. Professoren (Sars) segjer: Den blaa og kvite Krossen paa raud Botn hev voret og vil vera vaart nationale Flagg, likegodt anten det fører Unionsmerket elder ikkje.Detta er ikkje so: vaart Flagg er ikkje likegodt, anten det fører Unionsmerket elder ikkje; for vaart Flagg hev etter vaart Skyn ein stor (betydelig) Styrke nettupp i Unionsmerket, som vitnar fyr Allheimen, at det kjære, men likvel bland vituge Folk smaa (?) Fedraland i detta Merket hev ein kraftig og oss betydelig overlegen Bundsforvandt i Broderriket Sverig!