[Notisar]

Kristiania, den 18de April 1879.
 
I Bergen skal Docent ved Kaupenhamns Universitet Julius Lange halda nokre Fyredrag. Professorarne J. E. Sars, Weise (norske) og Engelhardt (dansk) hev ogso lovat aa halda Fyredrag der, men fyrst til Hausten. Dr. phil. V. Rydberg (svensk) vil likeins halda Fyredrag i Bergen, naar han kann faa sleppa til i Midten av Juli.
 
Millom Eidsvoll og Minne køyrer dei enno Isen, men samstimdes gjeng ogso Eimskipet Vorma tvo Gonger um Dagen millom desse Stader.
 
Byfut h. v. C. C. Paus og Konsul C. H. Blom, baae fødde 1700, do 9 og 10 April i Skien; Paus hev voret Medlem av 3 Storthing, Blom Bankadministrator, Formann o. m. m.
 
Hypothekbanken hev selt Obligationar paa 7 Mill. Krunur til Landsmannsbanken i Kaupenhamn og Behrens Søhne i Hamburg. Kursen kjenner me enno ikkje. Ei ny Log um Utvidking av Grunnfondet ventest sanktionerad med det Fyrste. Banken vil soleids snart kunna gjeva Laan i større Mengd enn til dessa.
 
I Bergen hev ei Kona i lang Tid havt Hjelp av Faatøkkassa, endaa ho eig Kr 10000, som hev stadet i Sparebanken. Daa ho ein av Dagarne saag seg nøydd til aa taka ut Kr. 700 fyr dei tronge Tider Skuld, kom Folk etter Sanningi.
 
Frants Oskar Frederiksson, som etter aa vera frikjend fyr Bjørnerudmordet vart førd til Sverik som mistenkt fyr Stuld og sidan hev setet fast i Falu, er laussloppen fraa Fengslet, daa han hadde paaloget seg Stuldi og.
 
Til Sverik rømde ein Socialdemokrat Kubisch, daa Sosialistlogi kom ut i Tydskland; han hev voret Redaktør av eit Blad Wahrheit. Den tydske Riksutsending i Stockholm kravde honom heft og send til Berlin, men det svenske Politi negtad. Riksutsendingen slapp honom likvel ikkje ut or Augo; daa Kubisch var paa ei Ferd til Søderhamn, og Eimskipet, han for med, tok Land ein Augneblink paa den finnske Strand, vart Kubisch der arresterad etter Order fraa den tydske Riksutsending i Stockholm og send til St. Petersburg; der sat han fengslad i 3 Maanadar og sit no fast i Breslau, tiltalad fyr ikkje mindre enn 5 Brot mot Socialistlogi.
 
Jarnvegstog gjenom heile Europa. Fraa 15 Mai skal det ganga samanhengjande Jarnvegstog fraa Odessa yver Berlin, Aachen og Paris til Madrid. Posten fraa det nørdre Tydskland, vonleg ogso fraa Odessa, vil deretter naa fram til Bordeaux, Spania og Portugal 24 Timar tidligare enn no.
 
Arbeidet paa St. Gotthard-Tunnellen