Det svenske Flag

med dei danske Fargarne i øvste Firkanten det var Norigs Orlogsflag fraa 1815 til 1844.
           
Detta Flaget kunde enno høva rett godt til sume Nordmenn, d. e. til desse Kræmarfolk rundt um i Byarne, desse unionsmerkte, blaagule Sjælerne, som er stolte av aa laana Æra og Hjelp av framandt Folk.
           
Det svenske Flag med dei danske Fargar! Eit gildt Flag fyr denne Kristiania-Norskdomen, som ingenting eig sjølv, men berre liver paa Laan og Lappverk, og som ingenting er sjølv, annat enn slik ei Samanstøyping, ein Millomting, ikkje Fugl, ikkje Fisk, men midt imillom og nokot av kvart.
           
Dei Kristiania-Norske hev Stockholm til Hovudstad, Danmark til Fedreland, Noreg til Matbud og Peer Gynt til Nationalhelgen. Difyr talar dei Dansk-Svensk, og difyr burde dei hava eit dansk-svensk Flag. Ingenting heilt, reint; nei, Saman-setning, Saman-lapping; Dansk-Svensk, Dansk-Norsk, Dansk-Svensk-Norsk, Norsk-Svensk-Dansk; altid nokot slikt med Bindestrik imillom, nokot uheilt gebrokkent, Fugle-FIsk, Fiske-Fugl; Compositum mixtum i det eine som i det andre. At slike Folk held paa Unionsmerket i Flaget er fælande naturlegt. Blandingsnaturen krev Blandingsmerket; - Lappverk i Hug og Aand krev Lappverk i Symbol og Uttrykk.
           
Men desse saman-sette Folk er ikkje lenger den norske Nation. Den norske Nationen tek til aa vakna, og med det same kjenner han, at skal han vera til, so maa han vera nokot heilt. Reint norskt Flag, reint norskt Maal; ikkje nokot Fusk; eit av tvo: anten er Ein eit Folk, elder so er Ein det ikkje. Og er Ein eit Folk, so lyster Ein ærlegt Merkje.
           
- Ja, eit av tvo. Anten maa me no fram, vaaga Trøya, vera norske, - elder so sig me attende, ned i Daudvatnet, og glid smaatt um Senn inn i Sverig. Det er Livsens Log detta: den, som ikkje kann vera og verja seg sjølv, han maa løysast upp og tena til Næring fyr annat Livande. Han fortener det. Eit Folk, som, naar det kjem til Stykket, ikkje vaagar aa vera eit Folk, hev ikkje Rett til aa vera til. Det er berre i Mythologien, at det finst Sfinxar.
           
- Difyr vil me hava det reine norske Flag, og difyr vil me hava det reine norske Maal. Fær me det ikkje i Dag, vil me faa det i Morgo, og fær me det ikkje i Morgo, vil me hava det sidan.
           
Men det maa til.