Fraa Bygderne.

Gausdal Flagsaki. Det er berre ei syrgeleg Tidend, eg heve at frambera denne Gongen, og det er, at Lærararne paa Folkehøgskulen her (Bruun og Frits Hansen) i Flagsaki hava stelt seg paa den unionsmerkte Sida. Eg skulde inkje snakkat um det, soframt inkje Frits Hansen offentleg hadde sagt, at han vilde skriva um det i Bladom; men daa han sjølv vil bera fram det, som eg tykjer er ei Skam, maa eg og faa Lov at leggja mitt Ord med i Laget. Paa det sidste Bygdarmøtet her lagde Frits Hansen i ei kvass Taleut um, at heile Flagforslaget til Berner var Tull. Bruun tok Ordet etterpaa paa sin logne Maate, mislikad, at Hansen hadde teket so kvast i, men var sams med honom i, at det heile var ei Smaasak, som det inkje var verdt at gjera slikt Styr fyre. Eg var inkje paa det Møtet, daa eg inkje kunde sleppa heiman den Kvelden. Men eg fekk daa høyra det med mine eigne Øyro nokre Dagar seinare i eit Møte, som Bjørnson og eg hadde stemnt ihop her paa Solbakken. Her gjorde Frits Hansen kvasse Utfall mot Vinstre-Bladom fyre all den Yverdriving og Usanning dei førde utyver Folket; han syrgde paa, at Blad som Fedraheimen og Oplandsavisa hadde ogso voret blinde i denne Saki, og spaadde ei Tid, daa me saart vilde trega paa vaar Framferd no. Daa Bjørnson so bar fram Hurra fyre det reine norske Flagget og Folk reiste seg, sat baade Hansen og Bruun.
           
Det heve fyllt meg med Sorg og med Harme detta. Eg veit inkje paa lang Tid, at nokot heve gjort meg so vondt. For eg tykjer reint ut sagt, at Folkehøgskulen her vender seg sjølv Ryggen, elder, som Bjørnson sagde, sputtar i sine eigne Fat. Daa eg høyrde det fyrste Gongen av Folk, som kom fraa Bygdarmøtet, vilde eg inkje tru det, og no etterat eg heve høyrt desse Kararne sjølve leggja ut sine Grunnar, stend eg lika klumsad; eg skynar det endaa lika litet. Lat vera, at Forslaget fraa Berner kom for braadt o. s. v. det er ei Sak fyr seg sjølv det er me ferduge med no. Men Spursmaalet er, korleids ein skal stella seg, naar no Forslaget ein Gong er framme, og naar det heve vakset seg so stort som det heve gjort, naar det paa denne stutte Tidi alt heve fenget slik ei merkeleg Soga. At segja um denne Saki, at ho no er ei Smaasak, det skynar eg inkje nokon norsk Mann kann gjera, og at skjella paa Vinstre-Bladi denne Gongen, det skynar eg endaa mindre. Eg heve leset baade Dagbladet, Verdens Gang, Fedraheimen, Norge, Upplandsavisa eg heve inkje funnet nokot stygt i deim, endaa mindre nokot usannferdigt. At eit og annat Ordet kann hava voret for sterkt elder for vreidt, det er nokot, som hender i all Strid. Nei, dei som hava gjort Staak denne Gongen, er daa rett Høgremennerne. Kven er det, som heve pipet, hyssat, øst upp Herkemugen, sleget sund Glas, viglat upp Sjømanssamlagi Landet rundt, loget i Folk, at det var Flagget ein vilde taka fraa deim? Det er Høgremennerne og berre Høgremennerne det.
           
Ei Smaasak! ja var det berre den Kluten det kom an paa og den Firkanten av Ull der øvst uppe! Men det er Tankarne, som fylka seg kring denne Kluten, det kjem an paa. Og somyket hava me set av det, som heve hendt inne i Kristiania i denne Tid, og av dei Ord, som er falne paa Møte rundt ikring i Landet, at heretterdags vil alt som norskt heiter og norskt vil, Maalsaki, Folkehøgskulesaki, vaar Grunnlog, Fridomskjensla og Sjølvstøda, det friborne, mannelege Venelag med Sverike samla seg kring det reine norske Flagget, og paa den andre Sida, med deim som av all Magt vil halda paa Unionsmerket, vil daa samla seg Morgenbladet og alt, som til det høyrer, Embættesfriarar, Norskdomshatarar, Folk som gjerna gav Storthing og Grunnlog ein god Dag, kunde berre Konge og Regjering koma til Magti, Folk, som hata Demokrati og alt, som det fører med seg, verre enn Pestsykja. At sjaa Folk som Bruun og Hansen i denne Flokken er eit saart Syn, og det er mi Tru, at Skulen hev givet seg eit Skadehogg med detta, liksom den Gongen, daa Bruun trod fram mot Sverdrup. Folkehøgskulen heve hittildags voret sjølvskriven Merkesmann fyre det folkelege Framstig, fyre det vesle av demokratisk Stræv, som heve voret her i Landet, og eg vonar han og skal vera det heretterdags. Eg trur, at detta skal vera den einaste Folkehøgskulen det kann segjast um, at han sveik Norskdomssaki i dette Stykket. Me hava slett inkje Raad til at vera so fornæme, at me agta alt som Smaasaker, naar dei inkje nett er utklekte i vaar Hjerne. Me faa taka det, som byd seg fram, anten det er stort elder smaatt, naar det berre kann brukast, og eg veit inkje den Tingen, som kunde vera meir lugom at bera fram fyre oss som vaart Samlingsmerke enn det reine, norske Flagget. Me tala so myket um at vekkja den norske Bonden til meir Fridomskjensla og Sjølvstøda, og naar so ei Sak er framme, som eig Magt til at gjera detta, so skal me forsmaa henne, fyredi det er for smaatt. Eg gled meg i at sjaa i kvart nytt Blad, som kjem, Melding um Folkemøte kring um i Bygdom, der Landsfolket uttalar seg fyre Forslaget til Berner. Ja giv Bønderne vilde taka Skjeidi i si Hand og Sjømennerne med, daa skulde me faa ogso Folkemeiningi! Teledølerne hava uttalat seg, fyre Trønderne trur eg, eg skal borga, Gudbrandsdølerne vil vel inkje umaka seg med at lata upp Munnen, men eg tykjest tru, at Hansen og Bruun vil koma til at standa mest einslege millom Bønderne i dette Stykket. Og vil dei inkje det, so var det rett inkje stort verdt at liva her i Landet.
                                               
Kristofer Janson.