Lysingar.

Lærarsamlaget fyre Buskeruds Amt held eit Aarsmøte i Vestfossen tridje og fjorde Pintsedag 1879. Emner til Samtale kann framsetjast og sendast aat Lærar Sørsdal, Vestfossen, til Sluten av April Maanad.
           
Framsetjaren av eit slikt Maalemne maa med det same vera so god og gjeva Upplysning, um han vil framleida Saki i Møtet med si Utgreiding. Stjorni fyre Vestjarnvegen vil verta søkt um Nedsetjing i Reiseutlegg fyre Lagsmennerne.
           
Vestfossen i Eker 22-3-1879.
                                                           
Nemndi.
 
 
Lærarar
 
kan faa god Attaatfortenesta, naar dei vender seg til Asbj. Knutsen Birketveit, Grimstad.
 
 
Fedraheimen
 
eit frilyndt Folkeblad paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
           
Dersom Ein tingar og betalar fyr heile 1879 no strakst, kann Ein faa heile Aargangen 1878 fyr ein Pris av Kr. 2.40, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. Brev um Prøve-No. er ikkje portofrie.