Til Noregs Flag.

Fløym, vaart Flag, fraa Mastre-Tinden
            fritt som Folket sjølv deg gav,
            fløym som Logen klaar fyr Vinden
            lysande kring alle Hav!
            Vitna vidt um Heimsens Strender,
            at du er i fri Menns Hender!
                       
Det raude skal Elsken til Fridomen syna
og Kjærleiken varm til vaart væne Land,
men Stridshugen heit til det Herk, som vil tyna
vaar Fridom den unge, me ærleg vann.
            I By og i Bygd
            fyr Fridomens Trygd
det raude oss manar til Truskap og Dygd.
 
Det kvite skal minna um Fred og um Heppa,
den, Fridomens Ande hev signat oss med,
skal kveikja vaar Hug, den me aldri vil sleppa,
til Arbeid og Rettferd i æresam Fred.
            I Land og paa Hav,
            fraa Vogga til Grav
det minner: Vaarherre oss Fridomen gav.
 
Det blaae lik Havet og Fjelli skal minna
din lengtande Hug um ditt fedranne Land,
um Himlen som Méd, naar til Slutt du vil finna
deg frelst og faa hamna ved sælaste Strand.
            Fram skal det seg slaa,
            me reint vil det sjaa,
som Federne ynskte, men ei kunde faa!
Eit Hurra fyr Flaget! Det norrønt skal lysa
fyr Ætti som kom og tok logleg sin Rett;
og Takk i vaart Hjarta til dei vil me hysa,
som fridde vaart Flag, um det ei gjekk so lett,
            som framande Bolk
            tok ut, og stod Tolk
fyr Merket, som tyder eit sjølvstendigt Folk!