Utan Rang.

[Del 7 av 10. Fyrste delen.]
 
Skaansk Folkeliv paa 1830-Talet, teiknat av Ave.
                                     
III.
                         
(Framhald.)
 
- Ved Solegladsbil same Sundagen smaug Daniel liksom ein Tjuv yver Kloppi og inn paa Forstigen, som førde til Sokneskræddarhuset. Det var midt i Skurden; Skruvi stod i tette Rader paa baae Sidurne av Vandringsstigen hans; tunge framsiglande Skyer gaut stride Skurar ned yver dei mogne, tunge Aksi. So hadde dei gjort no i tvo Vikur og narrat Landmannen, kvar Gong han hadde freistat aa berga inn den rike Grøda, naar av og til nokre Timars Sol og frisk Blaastr hadde manat honom til aa prøva.
           
Daniel gjekk gjenom den tette Aakerstubben, og Vatsdroparne fraa dei avskorne Straai skvette honom i Andlitet. Han gaadde det ikkje, saag ikkje Bustyvelen, som tullad seg ihop framfyr Foten hans, elder Aaker-Rotta, som smatt inn under Skruvi. Han saag ingenting, høyrde ingen Ting, - annat enn sitt eiget stamande Mæle i Kyrkja, der Aalmugen sat i Medynk og saag paa honom, til dess alt dansad rundt fyr Augo hans. Han hadde stamat den skrivne Preika til Endes og med nokot Leiting fenget Greida paa Bønerne i Kyrkjeboki. Klokkaren hadde stukket den eine Lysingi etter den andre i Haandi paa honom og kviskrat: Brudlaupslysing andre Gongen! Takksegjing etter avfarne Husmannen Mons Svensson, Bymaalaren; Etterlysning etter ein Tjuv, o. s. b. Men um nokot Menneskje hadde skynat det han las upp, so var det meir enn han sjølv hadde gjort; for Bokstavarne hadde dansat rundt fyr Augo hans plent liksom alle desse utanlærte Leksurne, naar han hadde prøvt aa taka Eksamen ved Universitetet. Og visste han væl no klaart, kor han etlad seg av, elder kvat han vilde desse Folk, som han her stod tett frammed Husi aat, so han alt høyrde Ljoden av fleire Mæle ut gjenom det opne Glaset -?
           
Nei; han visste korkje detta elder nokot annat fullklaart og tydelegt, utan den eine Tingen, at han kjende seg so usæl, og at han knapt hadde havt ei heilt ut glad Stund etter den Dagen, daa han skildest fraa Skulen hans Lave, fraa Leikkammeratarne og fraa den tame Haren i Sokneskræddarhuset. Latinen aah! Daniel fekk snart med Grysjing finna, at det, som Meistar Lave, og han sjølv, og Olu, og Bengta, og Assar, ja hans eigen Faer, i største Truskylda hadde kallat Latin, var bara svenska, prentat med latinske Bokstavar. . . Maalet var nokot annat, nokot skræmelegt, gaatesamt, liksom so mykje annat, som han fyrst med Stryk og sidan med Spitord skulde lærast til aa kunna. Vaar kom og Sumar gjekk, utan at han rett saag deira Fegre, endaa han i dei lange, ved Lekselesing gjenomvakte Veternætterne ofta nok lengtad etter den friske Engji, etter Aai med sitt vaggande og kviskrande Sev og sin stride Straum, og etter dei gamle Oretrei, der Smaafuglar reirad seg i dei hole Stomnar og Skjori hadde Reir uppi Krunurne. Stundom var det som heile det stuslege Romet hans vart fyllt med dilike Syner: han saag Storke-Reiret paa Løa aat Nemndemannen, han saag Landsbyfolket i Lag draga avstad med Vogner, Matstell, Hjulborur 1) , Halm og Sengklæde; Daniel visste, at dei skulde ut og skjera Torv paa den store Myri, der Jordi dinsad, naar Ein kjøyrde, og der Ein so vidt som Augat rokk ikkje saag annat enn ljosraude Lyngblomar og Blaaberlyng millom dei store Torvgroverne. Han saag Linet breidast ut, høyrde det gladvære Staaket av brytorna og Songen i brytstugorna; saag Grøda bergast og Frukterne plukkast ned fraa dei tyngde Greinerne, og han sat og stirde paa desse kjære Syner, til dess Talgljoset var nedbrunnet og den siste sprakande Ljosken skræmde honom upp til den grysjelege Sanningi og til Medvitet um, at heile hans Ungdom skulde øydast burt i ein stendig Eksamensotte.
           
No var Student-Eksamen, som han hadde fælt so fyre, yver, og han hadde tenkt, at etter den skulde han faa Kvild ei Stund fyr si pinte Sjæl. Men istaden fyr det fekk han det Bodet fraa Faer sin, at han skulde preika i Kyrkja ein Sundag i Staden aat Provsten. Og so? Gjorde Daniel Motlegg? Hadde ikkje han Faeren kostat store Pengar paa Son sins Lærdom? Hadde han ikkje Rett til aa krevja nokot i Staden, og kvat kravde han væl annat, enn at Son hans skulde visa desse Bønderne, at av Soneson aat Beindoktaren og Dotterson aat Jordmori kunde det, naar Faeren hadde Pengar, skapast ein Mann, som hadde Rett til ende i Augo deira aa segja dei Sanningi -?
           
Men kvat vart det so han kom til aa segja desse Folk, som Faer hans vilde setja honom til ein Doms- og Hemnprofet yver? Den Hjelpi, som den ivrege Mylnaren baud, daa Preika skulde skrivast, kunde Sonen med sin beste Vilje ikkje taka imot; for Per leet seg ikkje utydeleg merkja med, at han vilde hava inn ein Sleng til Nemndemannen, og ein til Kyrkjeverja og ein til kvar av Storbønderne i Sokni, og han hadde med stor Umtanke set ut dei Bibelspraak, som kunde rettast mot kvar iser. Men Daniel hadde ein annan Røyst i Hjartat sitt, og den kviskrad um den Lukka aa faa liva eit stillferdslegt Liv midt ibland dei alle, aa kunna vera til Gagn og Gleda fyr rik som ring, utan at nokon kravde Eksamen og Prov og Vitnemaal av honom, fyrr han fekk Lov til aa øva dei Dygder han mest heldt av. Det Preikeforslaget, Faeren lagde fram, vart altso vrakat; men Fredagen kom, utan at Daniel hadde fenget meir en tie Linur skrivne paa sitt eiget. Ikkje ei av alle dei mange Lærebøkerne hans kunde gjeva honom ein einaste Tanke no, daa han best trong det, og med Bivring sagde han nokot slikt til Faer sin. Daa foor Per Mylnar paa Stundi til Byen og gjekk upp til Provsten og laanad den Preika, som Daniel i Dag med slik Sjæleverk hadde leset upp.
                                                           
( Meir.)
 
1) Trillebører.